Døra på gløtt for å tenkje nytt om alkohol?

Treliteren – det nye skramentet i BT i dag minna meg om innlegget eg hadde på trykk BT 14. des 2015: Eg kjem til å hjernevaske ungane. Dette er ei sak eg meiner det er verdt å problematisere. Spesielt når det nærmar seg høgtid og fri.
BT kutta halvparten av innlegget mitt sidan det var litt vel langt. No kan de lesa det usensurerte innlegget her:
I mange år har eg valgt å ikkje ytre meg offentleg rundt alkoholspørsmål, då eg veit kva støy det skapar. Eg har forstått at dette er ein heilag gullkalv, der mange opplever diskusjon rundt temaet som personleg kritikk. Men no klarer eg ikkje å halde meg lenger. Innlegget til Safina De Klerk i BT 07. desember gjorde susen. Det er ikkje første gong eg les at barna bør lære å drikke av foreldra. Av det vesle eg har studert av forsking på området er det ikkje dokumentert at ungdom drikk verken meir eller mindre av å nyte alkohol saman med foreldra. Det blir sikkert minkande forsking på området framover, då på folk som er totalt avhaldande vil bli vanskeleg å oppdrive. Eg for min del blei verva inn i “Det Norske Totalavholdsselskap” utanfor vinmonopolet i Arna. Kunne nesten ikkje takke nei til eit slikt tilbod.

Eg kom over ein interessant artikkel, “Fester utan alkohol” frå 2010, av Thomas Hoffmann, journalist i videnskab.dk. Han skildrar drikkeskikken til muslimsk ungdom. Kjende meg litt muslimsk eit lite sekund. Sjølv vaks eg opp i ein heim der alkohol aldri var eit tema. Det eg stort sett såg av påverka folk var ungdommar. Dei var eg ikkje så nervøs for, men når vaksne nemde dette temaet i positive ordelag visste eg ikkje heilt kva eg kunne forvente.

Den verknaden alkoholen hadde på ungdomsvenene mine freista ikkje noko særleg. Minnast spesielt eit juleball på 80-talet. Vi hadde rigga oss til på eit hotell på landsbygda. Eg har aldri vore særleg glad i å kaste opp, og å tøme magen frå ein balkong og ned i hovudet på ein annan, var til dømes ikkje noko eg kunne tenkje meg å ha på rullebladet. Dessutan er eg over gjennomsnittet glad i god mat, så då ei av jentene sovna på eit hotellrom allereie før maten, vart eg ikkje mindre overtydd om å halde meg strengt til brusen.

Etter kvart som eg vart eldre var det jo interessant å prøve ut litt vin som alle snakka så varmt om. Det tok aldri heilt av, blei berre trøtt av det.
Sist eg smakte alkohol var i 1997, om eg ser bort ifrå litt svensk sider som ble intatt ved eit uhell.
Ein mørk og stormfull aften drakk eg eit lite eg eit lite eggeglas med Jägermeister, kald og rett ifrå frysen. Har alltid vore glad i hostesaft. Eg tenkte spriten kunne hjelpe litt på ein stygg hoste eg hadde, men opplevde at eg fekk pusteproblem og heilt panikk. Dette var sjølvsagt pyskisk betinga, men likevel ikkje noko som freista til gjentaking. Litt tidlegare hadde fått kutta bort skjoldsbruskkjertelen som ikkje oppførte seg heil etter planen. I etterkant fekk eg eit langt arr på halsen som i starten gav meg kjensle av å bli kvelt.
På konferansar og liknande har eg stort sett noko å snakke om på festmiddagane, då det alltid er nokon som kommenterer eplemosten min. Og diverre for dei, elskar eg diskusjonar rundt alkohol. Eg må forresten passe godt på så eg ikkje får skjenka vin i glaset. Er eg uoppmerksam meir enn fem sekund, har eg feil syre i glaset. Det er jo i utgangspunktet heilt sjølvsagt at eg takkar ja til gratis vin.
Eg er heilt einig med Safina De Klerk om at det ikkje er lurt å forby ungdommen å drikke. Heller ikkje å love ungane gratis sertifikat om dei ikkje drikk før dei er 18. Sorry folkens, det har eg absolutt inga tru på, sjølv om vi har ein lik avtale på gong her i huset. Personleg trur eg heller ikkje det er noko stort poeng å prøve å overtyde ungdommen om kor skadeleg alkohol er. Informasjonen går nok ofte inn og ut same veien som det gjekk inn. Og kvifor skulle dei no høyre på det dersom foreldra nyt effekten av rusen sjølve?
Eg har aldri tenkt å prøve å overtale mine ungdommar til å vere rusfrie, men eg har tenkt å hjernevaske dei med alle fordelane det medfører.
Det vil heller ikkje bli eit problem å hente dei dersom dei skulle vere seint ute ein kveld. Eg vil naturleg nok ikkje trenge å  ofre mitt vininntak i helga av den grunn. Og eg kjem nok aldri til å godta at dei går fulle, grinande og frysande rundt på byen. Det er berre til å beklage, då hadde dei nok blitt frakta heim i skapeleg tid. Eg har sett slike, det er eit nitrist syn.

Som tidlegare tilsett ved Poliklinikk for seksuelt overførbare sjukdomar, har eg nokre minner litt for langt framme i pannebrasken. Det er ikkje få menn og kvinner eg har måtte trøyste fordi det hadde gått gale. Det finnest nok av grunnar til å vere utru om ein ikkje skal blande inn alkohol i tillegg.
Unge jenter som var ute etter omsorg og fysisk kontakt enda ofte opp med eit samleie dei ikkje var klar for. Noko mange skamma seg over og som var vanskeleg å melde som valdtekt då grensene var så utydelege. Forresten ei interessant sak på nyhetene 7. desember der menn er redd for å gå på julebord då dei er redd for å bli freista til å kjøpe sex. Ikkje til å tru.

Som muslimane i artikkelen til Hoffmann, har eg lært meg å ha det meir enn kjekt utan alkohol. Eg har også lært å snakke om vanskelege tema utan å vere påverka. Eg likar å gå på festar, men dei festane ein må vente til klokka to om natta før dei gode samtalene startar, har eg gitt opp å gå på. Spesielt dersom ein møter dei same folk igjen på butikken neste dag og det verkar som heile samtalen er gløymt.
Men, ein av dei kjekkaste samlingane eg er med på, er eit privat julebord som mannen og eg har deltekte på årleg sidan forrige årtusen. Der er det rikeleg med alkohol, men det er heilt godtatt at vi ikkje drikk. Eg har no lese ein plass at ein blir påverka av å vere saman med andre som drikk, så her er det mange pengar å spare. Eg kan nok bli litt vel overstadig sjølv utan slike rusmidlar.
Om eg skulle oppleve ei stor sorg i livet trur eg nok at alkohol kunne ha roa nervene. Eg har heldigvis funne andre metodar for å takle nedturar. Då slepp eg å risikere at livet bikkar over saman med alkoholen. Slike tilfelle kjenner kanskje dei fleste av oss til.
På alkoholfronten trur eg vi kan ha  mykje å lære av våre nye landsmenn. Dersom vi er gode førebilete for borna ved å ikkje drikke sjølv, vil det kanskje utsetje debuten om ikkje anna.
Det ville vore langt verre for meg å løfte fram alle fordelene med å ikkje drikke, dersom eg sjølv ikkje kunne klare meg utan vinglaset mitt på laurdagskvelden. Eg elskar livet sjølv utan alkohol.
%d bloggers like this: