Er det mogeleg å temje det nynorske trollet?

Eg er framleis i sjokk og sjela er kjenslelaus etter at eg utsette meg sjølv for nynorskkurs i regi av informasjonsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i forrige veke (nektar å bruke «førre»).

Etter å ha vakse opp i Kvinnherad, som er ein gjennomsyra nynorskkommune, tenkte eg at eg var født med nynorsk tastatur. Som styremedlem i Medisinsk Mållag møtte eg likevel opp, mest for å halde eit visst oppsyn med nynorskopplæringa ved sjukehuset. Eg lurde med meg ein kollega i håp om at i alle fall ho kunne lære noko. Vi hadde nok ei felles forventing om at vi skulle få ein traust, nynorsktalande nerd som forelesar.
20160318_111028Det skjedde ikkje: Vi blei tildelt ein ung, og i tillegg engasjert, austlendig. Fordommar mot eige språk fekk seg ein liten knekk. Og takk og lov for det.

Men, det viste seg å vere klare reglar både for det eine og hitt. Nye reglar frå 2012 var innimellom til å sejte kaffien i halsen av. Til dømes kan «de» og «dykk» erstattast med det bergenske uttrykket «dokker». Gratulerer til alle bergensarar! Om eg i eit vilt augneblikk skulle bli freista til å skrive det, så er det altså lov.

Etter eit slikt krasjkurs veit eg i alle fall kor eg skal slå opp, og eg er vel kanskje litt meir audmjuk i mi tilnærming til mi nynorske formuleringsevne.

For å skrive dette innlegget har eg sett meg forplikta til å slå opp i nynorskordboka minst 50 gonger.

Denne kan anbefalast :

Søk i Nynorskordboka

I min iver etter å oppsede barna i god nynorskbruk, var eg godt nøygd med at den lokale barneskulen hadde eigen nynorskklasse. Eg merka meg at lekseplanen kom på bokmål, men lukka augo godt igjen, og klarde å la vere å kommentere det før no.
Så kom ungdomsskulen og her var det jo berre til å fortsetje i same stil. Ungdommen blei motivert til å tilslutte seg til ein nynorskklasse.  Nynorsk er jo viktig. Det gjekk ikkje meir ein nokre veker før det tok ein brå ende. Det einaste som var på nynorsk var lærebøkene. Språket her var gamaldags og stoffet var umogeleg å tileigne seg så lenge ikkje dei same orda hamna på tavla. Ingen skular burde ha lov til å tilby nynorske klassar så lenge ikkje språkbruken er gjennomført. Då riskerer ungane å få ulemper i motsetnad til fordeler med å lære seg to språk.

Eg har snakka med mange ungdommar som ikkje klarer å få gode karakterar i nynorsk. Etter å ha kikka litt på nettkurset til språkrådet er eg meir optimist. Det finnest reglar og dei er mogeleg å forstå. Her treng ein ikkje berre å stole på kjenslene. Det er lett for å putte på ein «a» her og der i håp om at det blir nynorsk av den grunn. Om ikkje ein skriv nynorsk sjølv tenkjer eg at det er viktig å lære seg, slik at ein i det minsta kan forstå kva nynorskfolket skriv og seier.

Nettkurs i nynorsk

Ein ting til slutt: Det er eit ord eg ikkje klarer å svelge, så i staden for å skrive ulovleg, har eg laga ein liten underskriftsaksjon for å kunne bruke ordet «forrige». Eg set pris på alle som vil engasjere seg i denne viktige saka. Det er berre til å gå inn og signere her:

Ja til å bruke ordet «forrige» på nynorsk

 

%d bloggers like this: