Manko på palmer

Palmesøndag – det er vel ikkje så mange som veit kva er lenger. Det er altså til minne om den dagen då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel for å bli korsfesta. Folket var rimeleg klar for ein ny konge som kunne redda dei frå romarane. Dei sprang difor framom og la ut palmegreiner for å gjere ekstra stas på han.

I 2012 var familien min så heldig å få ein påsketur til Israel. Eg tenkte å illustrere innlegget med eit bilete frå palmesøndag det året. Det viste seg at vi var på stranda i badebyen Eilat denne dagen. Det som mest likna på ei palme var ein påfugl. Eit ganske åndeleg syn igrunn. Dei andre bileta var det litt for lite klær på.

Palmesøndag var ein av dei heilage dagane då eg vaks opp. Det var stor skilnad på ein heilag dag og ein vanleg arbeidsdag. Ingen vaska klede eller gjorde hagearbeid. Kun matlaging blei prioritert ein slik dag. Det var veldig godt å vite at her tregte ein ikkje ha angst for å gå ut å luke bed. Det verste eg visste.

Ein slik dag vi til dømes åt felles frukost. Til eldre vi blei dess lengre tid tok det før alle klarde å samla seg rundt bordet. Vi var fem søsken og vi eldste var nok heller litt trege. Som ungdommar i dag. Blåmønstra koppar og asjettar kom fram slike dagar. Det var forutsigbart. Egg og bra pålegg. Vi sat alltid i finstova. Døra dit inn sto berre open i helgane. Tradisjonen tru las far dagens tekst frå Bibelen. Vi var ikkje alltid like begeistra, men vi lærde oss bibelhistoria.

Til bordvers blei det sunge både før og etter maten. Eldste bror min, han var ikkje gamle karen, hadde stort sett det same ynskje: «Selen oppi lufta». Han viste til siste verset i Himmelske fader: Fader, du sæle, Høgt i Himmelstova!

Elias Blix Salme, år 1900

Himmelske Fader,
Herleg utan Like!
Til alle Stader
Naar ditt store Rike.
Stjernor du styrer
Og alt Liv, som yrer,
Alt ned til Mauren i Mold.

Ramnungar ropar
Og du giv deim Mette.
Hungrande Hopar
Til ditt Bord vert sette:
Alt giv du Føda,
Signar Landsens Grøda,
Sender oss Solskin og Regn.

Mannsbarnet vilde
Du i Naade verna,
Miskunn og Milde
Ter du oss so gjerna:
Fører som Fader
Fram i lange Rader
Borni, du vann ved din Son.

Sonen du sende
Som vaar Frelsar trugen.
Alle, som vende
Heilt til honom Hugen,
Deim han og frelsar
Og som Brøder helsar,
Leider deim fram til ditt Fang.

Fader, du sæle,
Høgt i Himmelstova!
Med Barnemæle
Me ditt Namn vil lova.
Takk, at du vilde
Med ein Faders Milde
Taka oss til dine Born.

Eg innser at eg er i ferd med å bli gamal når eg set pris på desse minna. Eg er usikker på om eg forstår teksten den dag i dag, men det var noko med orda og melodiane som var godt. Det ga ei spesiell stemning. Far min, som er ein gamal organist, hadde ei spesiell interesse for salmar som gjekk i moll. Det var noko melankolsk over det. Det er vel kanskje berre dei ropande ramnungane som gjorde at dette blei brukt til bordvers. Med fem ungar var det kanskje ikkje så vanskeleg å få assosiasjonar.

Eg vurdere å ta dei heilage dagene tilbake. God palmesøndag.

IMG_006302 Palmeblad

%d bloggers like this: