Ei midnattsol av nåde

Det finnest ikkje ord ein slik dag. Ein ny slik dag.
Tårer blir for usselt. Bønner kjennest smått.

Uskuldige blir ramma. Og det er ikkje lenger dei andre langt borte.
Vi lever i ei felles sårbar verd. Atter ein gong har mange blitt til ein.
Ei eining som står saman. Eit demokratisk oppfostra folk, som aldri kjem til å gje slepp
på det som er bygd opp.
Finnest ikkje trygge krokar att. Vi held oss uansett ikkje i krokane – vi går vidare.

Men, vi kan ha bruk for ei nådens midnattssol medan vi går.
Som kan gje varme, håp og lys i mørket.

Vi kan trenge ein salme i moll:

Overmåde Full av Nåde (Spotify)

Overmåde Full av Nåde (YouTube)

Blå Koral med Knut Reiersrud, Iver Kleive

Fred over Brussel og alle som er ramma!

 

%d bloggers like this: