Langfredag – eit håp i mørket

Denne dagen er ikkje til å forstå
Ikkje for andre enn dei som trur
Vi  har eit håp om at ikkje alt er forgjeves
Livet går ikkje berre rasande fort for så å vera over
Døden blir ein ny start i staden for ein slutt
Men, Bibelen har aldri oppmuntra oss til å framskunda starten
Vi er født til å leva
Det vonde blir enklare å tola sjølv om vi aldri treng å forstå

For resten vil korset vera ein dårskap
Uforståeleg, kva er poenget med å tru på eventyr?
Håpa på noko som ikkje er mogeleg å forstå med eigen visdom
Det er greit, eg respekterer at det er vanskeleg
Tru kan ikkje forklarast, det må prøvast

Og det er fint om vi som er kristne kan få lov til å fortsetja å leva i håpet.

Dårskap i følge nynorskordboka: Dumskap, uforstand, tåpeleg gjerning

1 Corinthians 1

21In God’s wisdom, he determined that the world wouldn’t come to know him through its wisdom. Instead, God was pleased to save those who believe through the foolishness of preaching. 22Jews ask for signs, and Greeks look for wisdom, 23but we preach Christ crucified, which is a scandal to Jews and foolishness to Gentiles. 24But to those who are called—both Jews and Greeks—Christ is God’s power and God’s wisdom. 25This is because the foolishness of God is wiser than human wisdom, and the weakness of God is stronger than human strength.

Kyrkjer, Via Dolorosa

%d bloggers like this: