Skjærtorsdag og fotbad

Tradisjonelt sett blir skjærtorsdag feira til minne om den dagen då Jesus åt sitt siste måltid, påskemåltidet, saman med læresveinane. Det siste måltidet blei til den første nattverden. Kjelde: Bibel.no

Berømt utsikt fra Oljeberget
Utsikt frå Oljeberget. Foto: Kjetil Kallevik

For meg er det Jesus sitt opphald i Getsemane eg tenkjer mest på denne dagen. Der han kom i dødangst og sveitta blod. Dette har alltid gjort stort inntrykk på meg. At han var villig til å døy på ein slik måte av eigen fri vilje.

Læresveinane sovna medan han bad. Eg kan ikkje klandra dei. Før på kvelden hadde han halde ein tale som går over 5 kapittel i Johannesevangeliet.

Talen gav nyttig lærdom:

  • Han vaska føtene til læresveinane, «skjær» tyder «rein» og viser til denne handlinga. Eit godt eksempel på korleis ein god leiar bør opptre. Kanskje mest symbolsk.
  • Han ga bod om å elska kvarandre.
  • Han gav løfte om å forsvinne for å lage til rom for dei som er villig til å tru det

Med tanke på terroren som foregår i desse tider kunne det kanskje vore lurt å læra korleis ein bør behandla kvarandre. Det er inspirerande at tolv læresveinar klarde å vidareføra Jesus si lære og tankesett på tross av at dei blei forfylgde av ei brutal menneskeslekt.

Historisk sett ser det ikkje ut til å vera mogeleg å utsletta vald ved å bruka vald. Europa har fortsatt eit «kjærleg» tankesett, kvifor ikkje prøve med det gode? Vi er langt fleire enn tolv.
Eg har høyrt historiar om syriske kristne som ber for dei som mishandlar dei. Då kan vel vi klare det også?

Eg har plassert bloggen min her: adresse http://bloggurat.net/kart/registrere/2445/espeland

Verdens eldste oliventrær. Noen er mål til over 2000 år gamle
Verdens eldste oliventre i Getseamane. Nokre er målt til å vere over 2000 år gamle. Foto: Kjetil Kallevik