Å tru utan å sjå

Far min har vore svært sjuk siste månaden. Sjukare enn eg nokon gong har opplevd han. I slike tider kjem det mange tankar. Eg går på eit vis tilbake i tid. Eg blir takksam for alt han har lært meg. Det viktige blir viktig. Andre ting betyr mindre. Glad eg kan skriva i blinde. Ikkje så lett å sjå gjennom tårer.

Påska var ei viktig høgtid for far min. Det var dagar som blei behandla som om dei var av laga av krystall. Som om dei kunne gå sund om dei ikkje blei tatt vare på. Eg veit ikkje om eg har tatt vare på påska, men denne gongen har eg prøvd. Eg har levd ut påska gjennom å skriva. Det har blitt veldig sterkt for meg. Eg skulle ønska at mine barn kunne få oppleva den påska eg hadde som liten. Det kjem nok ikkje til å skje. Tider går og tider kjem.

Ein av grunnane til at jødane har klart å bevara sin sterke identitet, trass at dei er spredt for alle vindar, er at dei har halde knallhardt på desse tradisjonane. Det gjer dei enno, både dei sekulære og dei truande.

Då vi var Israel for nokre år sidan hadde vi med oss ein sekulær jødisk guide. Han fortalde litt om korleis dei feira påske. Jødane feirar påske til minne om at Gud berga fridde dei frå slavestanden i Egypt. I feiringa viser dei fram ulike symbolske gjenstandar etter kvart som ein i familien fortel historia. Dei siste dagane israelittene var i Egypt inneheld mengder med  symbolikk som viser til krossfestinga av Jesus. Det var ikkje tilfeldig at det var akkurat i påska Jesus måtte lata livet.

Påske betyr forbigang. Dei som budde i husa som bar merke av lammets blod fekk leva. Slik er tanken med Jesus også. Dei som takkar «ja» til hans offer får leva. Så enkelt og så vanskeleg.

Det var Maria Magdalena som kom først til grava. Som ei av fleire prostituerte som Bibelen fortel om hadde ho fått eit nytt liv. Det var nok likevel umogeleg for henne å forestille seg at Jesus verkeleg skulle stå opp att. Sjølv om han hadde sagt det var det nok ikkje enkelt å tru det med heile seg.

Det er fleire ting som er vanskeleg å tru, men som vi likevel veit:

  • Alle snøfnugga er unike – rein luksus og sløsing med intelligens kan vi tenkja. Men, det er kanskje ikkje noko å spara på for ein som har all makt?
  • Absolutt alle menneske har ulike auge. Det hadde også vore vanskeleg å tru om vi ikkje hadde hatt bevis?
  • Ingen har like fingermerke. Særs praktisk som lås på dippeduttar, men heller ikkje til å tru.

Då skulle det ikkje vera verre å tru at ein som har skapt noko slikt enkelt kan gjera død om til liv? For meg ville det ha vore langt meir krevande å finne ei betre forklaring enn at det står ein allmektig Gud bak. Nyansane er små mellom å tru noko ein ikkje kan forklara og å ha bevis på noko ein ikkje kan forklara.

Jesus sendte Den heilage ande etter at han trekte seg tilbake. Det gjer at eg kan tru utan å sjå. Eg kan kjenne.

Tilbake til min far. God påske var noko vi skulle sei 1. påskedag. Det var først då det var god påske. No har eg klart å halda meg lenge, så: Måtte alle som les dette ha ei velsigna god påske.

%d bloggers like this: