Hudpleieråd utan sponsorfilter


Etter å ha jobba i 15 år som sjukepleiar ved Avdeling for hud- og veneriske sjukdomar (berre fint om du ikkje veit kva venerisk tyder) har eg opparbeidd meg ein viss  kompetanse på hudproblem.

Eg har lagt min elsk på eit stoff som heiter karbamid (urinsyre).  Namnet kan virka litt mystifistisk, så eg har på ingen måte tenkt å finna ut korleis det blir framstilt. Det kan jo bli for ekkelt for det eg veit.

Karbamid var tilsett i mange av dei hudkremane som blei brukt ved avdelinga. Eg såg at det gjorde huda mjuk. Eg blei såpass forelska i stoffet at eg var med på å få utvikla ein tjæresalve der dette blei tilsett. Salven enda opp som Kallevik & Danielsen tjæremix. Eg må innrømma at eg er litt stolt av ha lagt igjen eit lite spor etter meg.

IMG_0788

Kallevik & Danielsen tjæremix er fortsatt i bruk og blir spesiallaga på apoteket ved Haukeland Universitetssjukehus.

Det er heldigvis ikkje så mange som treng å bruka tjærebehandling, men mange er plaga med tørr hud, slik som eg.

Tjærebehandling blir stort sett brukt på pasientar med atopisk eksem eller nokre former for psoriasis.

Kremar med høgt innhald av karbamid er ikkje så utbredt i Norge. Men, eg har funne den ultimate kremen i Spania. Og denne er til og med lett å smørja inn. Kan til og med brukast på mannfolk då den ikkje er så klissete.

UREADIN er namnet. Den kostar 18€ for 500 ml. 10 % karbamid. Den finnest også i 30 % til føtter. Denne gler eg meg til å testa ut.

Ureadin kan også vera god for folk med eksem, men må ikkje brukast på sår hud. Då kan den svi.

Der andre hamstrar vin er min hobby å raida flest mogeleg apotek når eg er i syden.

Skal du til Spania før jul, er dette ei glitrande gåve til mor, svigermor eller andre du er spesielt glad i.

 

%d bloggers like this: