Korleis unngå å vinna ein krangel


Etter å ha vore gift i 25 år,  innser eg at eg er i ferd med å bli gamal, og at eg kanskje har blitt litt klokare på enkelte felt. Då nyttar eg sjansen til å dela det vesle eg kan, om eg skulle bli tatt av bussen eller tilsvarande.

Eg er typen som likar å ha rett, og i diskusjonar med min mann,  skal det sterke og evidensbaserte prov til før eg gir meg.
Dette kan nok diverre gjelda i mange situasjonar på jobb også.
Kommunikasjonsformer som fungerer i praksis kan eg ofte finna att i Bibelen.
Av og til kan relasjonar låsa seg og og det kan vera vanskeleg å vita korleis ein skal angripa situasjonen.
Her har eg kome over eit genialt bibelvers som inspirerer til å opptre heilt motsett av det som kanskje er naturleg.
Isaiah 43.26
Put me in remembrance; let us argue together;
set forth your case, that you may be proved right.
eller på nynorsk:
Jesaja 43.26
Minn meg på det, lat oss gå til domstolen saman!
Tal di sak så du kan få rett!
Kom la oss gå til domstolen og krangla, slik at du kan få rett. Det er vel kanskje ikkje den mest velkjende framgansmåten.
Ved å gå inn i en samtale med å fokusera på eigne feil, vil ein unngå at den andre personen går i forsvar. Det er sjeldan at det er den eine parten som har all skuld. Ved å gripa fatt i den delen som ein sjølv har skuld i, er det enklare å få til ein dialog. Ved å bestemma seg på å fokusera på eigne feil, små eller store, treng ein heller ikkje å tenkja ut gode argument i forkant.
På kort sikt kan det vera nedverdigande å ta skulda på seg, men på lang sikt vil ein kanskje få oppleva ein god relasjon. Det vil vera langt meir verdifullt.
Dersom eg ein gong skulle koma på kant med min mann, kan det tenkjast at eg vil dra fram denne taktikken. Det skal nok ein del til forresten. Eg har jo stort sett rett, men når eg rundar 50 skal eg vurdera å bli litt meir audmjuk.

Uansett vil eg oppfordra andre til å prøva, både på jobb og heime. Ein vil nesten alltid ha eit val om å ta det første skrittet. Uansett kor fastlåst ein situasjon kan vera.

 

 

Riga 2015

.

 


%d bloggers like this: