Å lika eller ikkje lika

 

Som nybegynnar på Facebook er det ein ting eg har merka meg. For å få mange «likes» er det oppdatering av profilbilete som gir høgast score. Uansett kor ille det måtte sjå ut. Eg forsto lite, då det første som skjedde ved innlogging var at folk likte profilbiletet mitt. Etter ei stund oppfatta eg at det var ei programfesta handling. Merkeleg nok har eg større behov for å bli krangla med enn å bli likt. Men, å vera usynleg er noko eg toler dårleg. Det verste er at eg saknar nettrolla og andre kritiske røyster som er rikeleg til stades når eg ein sjeldan gong skriv i avisa. I alle fall dei som har ein tendens til sakleg argumentasjon, og ikkje er så skada at det kjennest uetisk å diskutera med dei.

På eit møte der det deltok eit par forfattarar, kom det klart fram frå den eine, at dei som skriv i avisa er ekshibisjonistar. Ei stund ut i møtet nemde eg at eg elska å skriva i avisa, utan at han lea på så mykje som ein augnevipp. Så kanskje det finnest verre personlege problem? Eg erklærer meg hermed som ein PR-kåt ekshibisjonist, så får eg heller gjera det beste ut av det. Så lenge det er det som skal til for at eg skal få diskutera litt, får det heller stå sin prøve. Eg treng motforestillingar for å kjenna at eg har eit snev av liv. Det lærer eg langt meir av enn å få «likes».

  • Lars Kallevik

    Eg er alltid klar for ein diskusjon. Kva vil du krangla om ?

    • Øygunn Leite Kallevik

      Eg kranglar om det meste. Du bestemmer!

%d bloggers like this: