Tenk om våren aldri kom?

13 vaksne i feil helikopter.
Helikopter skal bråka og fly, ikkje detta ned.
Dei skal landa trygt. Utan at nokon tenkjer meir på det.
Alt skal gå bra, det er vår.

Men, kva når fuglesongen blir til skrik? Fuglane bør teia med sin song.
Kva når sola er for varm, fordi den ikkje passar inn?
Regn er bra. Og snø, iskald snø.

Kva når livet likevel ikkje er ein sjølvsagt ting, når nokon brått forsvinn?

Kva når fjella er for glatte, for bratte til å tola?

Kva om det uviktige ikkje lenger er viktig, men berre sjelene står att?

I dagen er dagen for å grina med dei som grin.

 

Ulvanoso Uskedalen

%d bloggers like this: