Kva kan ein sei om det norske flagget?

 

Eg har hatt min første 17. mai – appell.
Ho som utfordra meg, var nok ikkje klar over mi vaklande historiekunne. Min høgt elska svigerfar (i tillegg til lærar) hadde nok ikkje stilt opp frivillig som referanse for å seia det slik.
Ikkje etter litt for mange rundar med spørjespel.
I historietimane på vidaregåande flørta eg vilt og hemningslaust med min noverande mann. Historie var nemleg eit av dei få faga vi hadde felles.

For å bøta på dette, måtte eg no rett og slett setja meg ned å studera nasjonalhistorie på høgt nivå.
I alle fall eit slikt nivå som er mogeleg å oppnå via Google.

Og eg blei inspirert, overraska og eit hakk klokare.

Eg trudde til dømes at flagget besto av ein smule norsk kristenmannsblod. Men, nei då. Det var i alle fall det eg klarde å lesa meg til via Wikipedia.

Frederik Meltzer, som fekk sitt forslag gjennom, var ein stor forretningsmann og politikar. Han grunnga sitt alternativ slik:
– Fargane raudt, kvitt og blått er frihetens fargar.
– Krossen var naturleg å ha med fordi det var vanleg i dei europeiske flagga.
– Norge hadde dessutan liggjande ein del gamle danske flagg som var for gode til å kasta.
Desse kunne dei no klippa i fire delar, og sy på ein blå kross i midten. På dette viset kunne dei rett og slett få brukt stoffet frå gamle flagg.
Eit reint sparetiltak med andre ord.

Danneborg, som det danske flagget er kalla, har ei langt meir interessant historie:

På 1200-talet var Danmark i krig, og soldatane blei til slutt så desperate at dei ropte til Gud om nåde.
Då seier historia at det dalte ned ein raud duk som var påteikna ein kvit kross.
I tillegg fekk dei høyra ei stemme frå himmelen som lova at dei skulle vinna krigen, noko dei gjorde.

Greitt å vita om nokon skulle klaga på krossen i flagget, den kan vi rett og slett takka danskane for.

God 17. mai!

%d bloggers like this: