Kva gjer vi med dressen når mannen blir verande i 40-årskrisa?

Når mannen går ned ti kilo, skaffar seg sjølvlysande joggeskog og treningsjakke, er det nok ingen veg tilbake.
Når han tillegg tek til å eta bananar i smug før trening, er det nok berre til å innsjå at den endra livsstilen har komen for å bli.

For rundt eit år sidan syntest eg det var på tide med ny dress, då den gamle blei litt vel liten. Årets julegåve. Den sat som eit skot.
Eg er så einfaldig at eg har tenkt at ein dress er no ein dress. Det er vi kvinnfolk som treng å oppgradera feststasen, helst til kvar fest.
Men, å kjøpa ny atter ein gong var ikkje aktuelt utan å testa ut andre løysingar, som å sy inn buksa.

I min ungdom gjekk eg eit år på «saum, teikning, form og farge» for å tenkja ut om eg skulle bli sjukepleiar. Der måtte eg jo tola å sjå blod, noko eg på det tidspunktet ikkje takla vidare godt.
Eg har med andre ord pittelitt erfaring med saum. Men, korleis eg skulle gå til åtak på buksa var eit større problem.

Eg ringde ei venninne, som gjekk vidare i faget som eg forlet.

Her er råda ho kom med:

  • Sprett opp buksa bak, frå linninga til midt i skrittet
  • Snu buksa på vranga
  • Tre buksa på mannen
  • Set nåler i der du vil ha saumen
  • Sy med maskin og fiks linninga

Sjølv om det med nålene blei litt intimt, er eg strålande nøgd med resultatet.
No får han stadig beskjed om å letta litt på jakka slik at eg kan studera verket.

Nøysemd treng ikkje å vera ein dårleg eigensakp. Skåla på bilete under tilhøyrde besteforeldra mine. Der var det ikkje snakk om å kasta noko som berre var knust i større, fiksbare delar.
Denne er rett og slett bolta saman. Eg er fasinert og flau over å ikkje ta betre var på det vi har.

Gamlastovo Uskedalen

Skål med lim

 

 

 

 

%d bloggers like this: