Ikkje slutt å sjå!

Å bli sett av dei vaksne då eg var barn har forma meg. Utan at eg veit korleis.
Vaksne som såg meg som person, som kom ned på mitt plan.
Som såg meg utan at eg bad om å bli sett. Dei som såg meg fordi dei hadde lyst til å sjå meg.
Det skulle ikkje så mykje til. Ta seg tid til å takka for ein bukett med blomar.
Ein gong vart buketten lagt til sides. Kanskje fordi det var blomkarse. Eg har alltid elska lilla. Den visna i løpet av kort tid.
Som femåring hadde eg lagt mykje kjærleik i å få den fin.

Det kunne vera ein vaksen onkel. Eg elska onklane.
Tre bondeonklar hadde eg.
Dei gav meg gode minner. Lukta av fjøs, kjærleiken til dyra. Sauer, griser, kyr, høner og hundar. Og ikkje minst hundungar. Freden.
Sikkert difor eg har krangla meg til å få høns.

Eg lært meg å setja den eine foten framfor den andre i staden for å gje opp når arbeidet ser uoverkomeleg ut.
Det var arbeid dagen lang, men utan stress.  Eg får ro i sjela når eg kjenner lukta av møk om våren.
Eg sniffar inn og minnast.
Ein onkel som fekk meg til å le lukkeleg. Berre fordi han helste med hua kvar gong han køyrde forbi meg og venninna med traktoren.
Det sit som spikra. Han er død no, men han la noko att etter seg.

Skulle så gjerne ynskja at eg kunne sjå ungane rundt meg. Eg prøver, fordi eg veit at ei enkelt handling kan bera med seg noko godt.
Noko som kan forma dei utan at eg veit. Utan at dei veit. Slikt kan berre Gud vita. Men, eg håpar at det kan vera ein viktig byggjestein i eit liv.
Kanskje i eit liv som slit, og som treng eit glimt av å bli sett.
Menn er viktig. Dei bør fortsetja å sjå ungane. Dei må ikkje trekkja seg tilbake i redsel for å bli misforstått.
Dei kan gjera ein forskjell.

Oygunn barndomsbilde 4
Den siste kua på Leite i Uskedalen

 

 

%d bloggers like this: