Ta vare på hjartet framfor alt

Ordet «integritet» har summa i mitt indre ei stund. Det er meir enn eit ord. Kanskje meir ein veg.
Integritet er noko som må byggjast, setjast pris på, takast vare på og dyrkast med kjærleik.
Det kjem ikkje av seg sjølv. Alle har ansvar for eigen integritet, ingen andre kan ta det ansvaret.
Men, vi kan hjelpa kvarandre.
Om ein gir slepp på dette, kan det gå ut over langt fleire enn ein sjølv.

ETYMOLOGI INTEGRITET

fra fransk, av latinsk «integritās», som betyr helhet, fullstendighet og renhet

Uttrykket integritet betegner noe som er uskadd og bevart i sin helhet, og brukes gjerne også om en stat eller persons uavhengighet og ukrenkelighet.

I forlengelsen av denne betydningen betegner «integritet» også kvaliteter ved en person som har en usvekket moralsk evne, opptrer med rettskaffenhet og ikke lar seg påvirke urettmessig i etiske spørsmål.

Kjelde: Kjøll, Georg. (2015, 28. oktober). Integritet. I Store norske leksikon. Hentet 24. mai 2016 fra https://snl.no/integritet.

Det er lett å bli lokka bort i frå stien. Som Rødhette. Ho blei bedt om å gå direkte til bestemor med mat, men blei bergtatt av ein i utgangspunktet uskuldig ulv. Den viste henne forlokkande saker inne i skogen. Gull og grøne skogar.
Ho kjende ikkje igjen ulven sjølv om det skulle mykje til å unngå det. «Kvifor har du så store ører, bestemor»?  – dette eventyret har i det siste gitt meg ei meir symbolsk meining.
Både bestemora og Rødhette blei slukt av ulven før ho visste ordet av det.
Men, ho var heldig som blei redda og fekk ein ny sjanse.
Det kan vera mykje sanning i eventyr, kvifor skriv ingen slike eventyr lenger?

Eg har hatt ei interessant oppleving som kunde. Med eit firma som er drive av eit «oljebarn».
Eit «barn» som på eit eller anna vis har blitt opplært til at alt er lov så lenge det er gøy og det er pengar å tena.
Ein leiar som et pengar på TV og vaskar golvet med champagne. Som synest det er greitt å spøkja med at barn i Afrika ikkje har mat.
Som tilsynelatande synest det er OK å læra kundebehandlarar opp til å lyga.
Eg snakkar om eit firma som har 67.9k følgjarar på Instagram. Barn og unge.

Når eg ser at Trump klare å karre seg oppover i systemet blir eg usikker. Er det rett å la folk som er til fare for andre sin integritet å tura fram utan vidare?
Ein kan tenkja seg at det smell ein gong, men i mellomtida kan mange ha blitt øydelagt.

Mange kan ha bli opplært til å lyga og ser at det kan vera pengar å tena på det. Som tek det vidare med seg i arbeidslivet.
Eitpengestrekt forretningsmenneske kan hamne i viktige posisjonar om ein skal sjå til utviklinga i USA.

Som kunde toler eg best å høyra sanninga, uansett kor dårleg den måtte vera.
Tillit er noko som tar lang tid å byggja opp dersom det først har kome ein snev av tvil om at personen i andre enden snakkar sant.

Mitt råd til alle kundebehandlarar (og alle andre):

– lyg aldri, uansett om du misser jobben

– ei løgn blir ikkje betre av å bli pakka det inn i høflege ord

– er produktet blitt verande i Hong Kong  – så sei det

– skuld aldri på posten så sant det ikkje er posten som har skulda

– ikkje før ungar bak lyset

– gi beskjed til sjefen dersom du er ueinig i framgangsmåten

– Gi aldri beskjed til ein kunde at dei har gløymt å bestilla ein kjip ladar til kr. 400. Ladarar bør ikkje kosta meir enn det som skal ladast.

 

20160527_204240

 Ordtaka 4

23Ta vare på hjartet framfor alt,

for livet går ut frå det.

24Lat aldri munnen tala falske ord,

hald leppene borte frå svik!

25Lat auga dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre!

26Gjer stigen jamn der foten skal gå,

då blir alle dine vegar trygge.

27  Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din borte frå det vonde!

%d bloggers like this: