Kor blei det av innhaldet i tida?

Tid opptar meg. Kanskje fordi eg opplever at eg aldri får nok av det.
Innhaldet i tida har endra seg. Den tida eg får til overs går ofte til aktivitetar som eg aldri ser att.
Tida blir fylt med noko som gjer at eg ikkje merkar at tida går, brått er den over.
Det kan virka som ei kort stund, men er likevel lenge.

Ein time per dag er nesten ein heil arbeidsdag i løpet av ei veke. Ein time surfing er ingenting. Det blir ofte meir.

Straumen gjekk for omlag sju år sidan.
Vi kunne ikkje annan enn å venta. Telefon, PC, varme, matlaging, TV, klesvask. Alt blei sett på vent.
Familien kroa seg saman i sofaen, nesten under same teppe. Stearinlysa kom fram.
Tida snigla seg, men vi fann attende til kvarandre. Nesten som i eit magnetspel. Eit unisont augneblikk av kontakt mellom fire sjeler.
Det gav minner av fred, glede og ein sjeldan harmoni. Vi var alle til stades i den same tida.

Då orkanen «Tor» kom for ei tid tilbake, var alt annleis. Straumen gjekk i fleire timar. Men, vi hadde både 3G og 4G. Vi gjekk inn i kvar vår verd.
Tida gjekk fort. Straumbrot er ikkje lenger som det pleidde å vera.

Ungane har blitt større. Objektivt sett har eg aldri hatt så god tid på lenge, men eg har heller aldri følt meg så lite til stades i tida.
Det eg har av ekstra tid har smuldrar opp i takt med aukande tal på effektiviserande appar. Det gir færre minner.

Prøver å ta tida tilbake, men klarer det ikkje. Er innom «avsurfing» innimellom, men gir opp. Er ikkje sterk nok.
Er midt i dragsuget, vanskeleg å hoppa av i fart.

Eg er alltid mest tilfreds når eg ser resultat i løpet av ein dag. Når tida materialiserer seg. No blir mykje av fritida brukt på det resultatlause.
Mykje blir lese, men det meste er lausrive, kortfatta og gjer meg ikkje klokare. Veit ikkje, kanskje noko av det.
Det meste er stoff eg ikkje treng å konsentrera meg om å lesa. Det er jo enklast når eg stadig blir avbrote av andre notifikasjonar.

Eg kjem nok til å filosofera vidare på om eg har blitt lurt til å tru at noko som blir kalla smart ikkje var så smart likevel.

 

 

 

%d bloggers like this: