Sommar

Smilet overmannar meg når eg høyrer summinga av ei fluge. Det tyder sommar. Varme. Då eg var liten var det ikkje varmt heile året.
Mange rom var kalde om vinteren. Soverom og gang.  Sommaren var varm. Flugene laga berre lyd når det var varmt.
Irritasjon og lukke på same tid.

Far min var organist på Nesflaten. Ein minimal stad i Suldal der vi måtte ta dampbåt for å koma til. Det hende at far tok heile familien med.
Eg minnast berre så vidt ein av gongane. Det var vinter og vi budde i eit gamalt folketomt hus over natta. Det var iskaldt då vi kom. Det sit som spikra.
Det var snø, mørkt, skummelt og spanande. Gleda over varmen då det blei fyr i omnen. Store kontrastar – mellom å frysa og å nyta varmen.

No snakkar vi fjernstyrte varmekablar i hytta. Livet går meir i eitt.
Færre skilnadar som set spor. Som gjer at eg hugsar at eg har levd i ulike epokar. Ikkje berre i ein samanhengande eksistens.
Kjenslene kjem likevel saman med flugene. Gleda over sommaren er fortsatt vanskeleg å skildra.

Bilete over er frå dampbåten på veg til Nesflaten 23. juni 1974.

%d bloggers like this: