Ikkje berre blåbær

Nokre gonger kjem livet så nært. Til å ta og føla på. Eg merkar det mest om sommaren. Då er det som alle kjenslene blir forsterka. Som om det ytste laget av forsvarsverket er borte.
Det kjennest som om både glede og sorg går rett i blodet, utan å gå vegen om fornufta.

Tankane surra i takt med fluga ein dag då eg sto på hovudet i ei blåbærtue:

Eg har aldri hatt ambisjonar om nokon gong å bli avhengig av ein gamleheim.
Men, kva om eg ein dag likevel skulle enda opp på ein heim utanfor heimen.
Kor viktig det då ville vera å ha opparbeidd seg gode minner. Slik at eg ikkje vil vera avhengig av å kunne sjå eller høyra,
men berre kunne memorera ting for mitt indre. Med smil om munnen.

Då skulle eg ynskje eg hadde eit barnebarn som vitja meg.
Eit barn som var klokt nok til å ta med seg ei blåbærgrein, ei slik som den eg fann her om dagen.
Med minst hundre store blåbær på.
Slik at eg kunne dra inn angen av svunnen tid. Då hadde det kanskje vore lettare å takla einsame dagar.

Eg ville ha gøymt bæra i nattbordskuffa saman med sjokoladen.
Sjokolade som eg ville gitt med rund hand til alle ungar som hadde ofra nokre minutt på meg.
På laurdagskvelden ville eg lurt nokre bær med meg i protesekoppen.
Eg ville ha kjent meg litt vill og gal ved å kasta litt bær på den mest oppegåande enkemannen.
I all fordragelegheit.
Om ein av pleiarane skulle koma, ville eg ha lukka augo og småsnorka litt til faren var over.
Eg hadde kanskje ikkje brydd meg om det trilla bær på golvet.

Eg skulle knust bæra mellom fingrane, blitt blå under negla.

Om kvelden ville eg ha sovna til smaken av eit bær i staden for sovemedisin.
Så skulle eg ha drøymt om dei fine somrane då vi som born sprang med støyande aluminiumsbøtter.  Som klirra når hanken slo borti kanten.

Draumen skulle ha svinga innom gleda ved dei første bæra som kom ved bekken, dei var alltid dei største.
Dei somrane det var så mykje bær at vi aldri blei ferdig.
Leiken i lyngen med dei andre søskena.
Stilla i skogen, susen av humla.

Eg ville ledd litt for meg sjølv ved tanken på ormen som skremde vettet av oss ein gong, om knotten som beit, og flotten som gnog litt for hardt.

Så ville eg ha ønskt meg heimelaga blåbærsyltetøy på pannekakene.
Eg villa regelrett ha kravd eit glas til meg og dei hine.

Om eg er lur lærer eg ungane allereie no å bli avhengig av heimelaga syltetøy, med klumpar.

 

Gamle aluminiumsspann
Gamle aluminiumsspann
%d bloggers like this: