Å bli solbrent på ein regnfull dag

Regnet plagar meg ikkje lenger, det er noko å takka for.

Å nyta dei korte solglimta akkurat når dei viser seg, i staden for å håpa på at ting skal bli betre.
Om berre det eller det skjer vil alt bli betre? Det blir ikkje alltid betre.
Ikkje utan at ein klarer å bli solbrent på ein regnfull dag. Då har ein oppdaga at det er akkurat dei små solglimta som må nytast.
Ikkje alle dei strålane som ein ikkje kan vera sikker på å få.

Vi er berre eit pust på jorda. Kortare eller lengre pust. Det veit berre Gud.
Det er lett å gløyma. Vi kjenner oss udødlege.

Eg ville ikkje ha vore forutan smerte. Det har lært meg å takka.
Også for smerta.
Dess sterkare smerta er dess meir takkar eg. For alt det andre.
Det kvardagslege blir eksotisk og ærverdig, og aukar i verdi i takt med aukande smerte.

Dersom ein vil kan ein bli vár gudegitte gleder i kvardagen. Som ein sjeldan peon som slår ut i blomst.
Kanskje berre ein enkeltståande, men blendande vakker likevel. Til regnet tar den.

Når det vonde tar pause, sit takksemda for det andre attende.
Takksemd fordi eg er trygg. Uansett. Skulle gjerne sett at fleire var trygge.
Det gir meg meining og fred. Uansett.
Men, ingen kan tvingast. Kvar og ein må ta eigne val.
Smerta over dette er vanskeleg å takka for.

I dag nyt eg pausen. I regnet.

Gløym dette: Eg har plassert mun blogg i http://bloggurat.net/kart/registrere/13621/arna

20160608_165444
Peon «Bowl of Beauty»
%d bloggers like this: