26 år med same mann

26 år sidan vi tok sjansen. Eg er ikkje god på bryllaupsdagar. Elendig faktisk. Alt blir for smått i forhold til kva det er verdt. Dette er ein av dei største dagane i året, men eg har enno ikkje lært å takla den. Eg er ingen romantikar.
Ikkje han heller, men han klarer det likevel. Å vera romantisk minst ein gong i året.

Mest sannsynleg er eg litt rar. Eg saknar han når eg har fri og han er på jobb. Blir fortsett like glad av å høyra bilen rygga opp i oppkjørselen, sjølv om eg ikkje gir like mykje uttrykk for det som hunden. Eg lir når han er sjuk, kjenner det som det var mine smerter.

Livet er ikkje fylt av roser, heller ikkje for oss, men dei rosene som finnest vaktar vi vel over. Ein gong for mange år sidan hadde vi større problem. Fekk hjelp på eit enkelt kurs. Drøymer om at fleire må slik hjelp.

Vi er svært ulike eg og han.
Men, det går faktisk fint an.

Det er viljen til å villa som tel. Viljen til å ikkje forsøka å endra den andre til å bli lik seg sjølv.

Viljen til å gi meir enn å få. Til å tola meir. Til gjera eitt og hitt husarbeid utan å tenkja lik fordeling.

Kjærleik for meg er

  • å finna ut kva den andre blir glad for og gjera noko for at det skal skje
  • å vaska skitne truser og sokkar i det uendelege utan at jobben nokon gong vil visa att
  • å prøva å forklara kva som er problemet når ein er irritert, i staden for å bli sur i dagevis
  • å stola på at den andre ikkje kan lesa tankar, sjølv om det burde vera mogeleg. Det er det fortsett ikkje etter 26 år, så her kan eg anbefala å gi opp.
  • å aldri klaga til andre over ektefellens dårlege eigenskapar, men halda det fint for seg sjølv
  • å aldri leggja seg etter ein krangel utan å ha blitt vener  – aldri!
  • å sei «tilgi meg» når ein har såra den andre og veit om det
  • å bita i seg stolheit sjølv om ein veit ein har rett
  • å gi den andre lov til å få rosa hønsehus i hagen (til slutt) og hjelpa til å gjera det klart sjølv om det er imot alle prinsipp
  • å aldri tenkja at livet hadde vore betre med ein annan

 

Sorry, men eg elskar mannen min 🙂

 

Bryllup_Ø&K_14071990_35mm_32

%d bloggers like this: