Håp for livet

22. juli skulle aldri ha vore ein dato til å la seg merka av. Den skulle ha sklidd umerka hen saman med sol og is.
Saman med ferie, med vener, familie og glede.

22. juli blei ein dato med stor D. I same samling som 11. september. Dei første datoane med ein slags krig i seg.
For meg som er ein 69-ar. Noko nytt kom inn i livet.
Noko som ikkje gir meining. Åtak på verdiar som vi kanskje har tatt som sjølvsagt.
Som om noko anna ikkje var mogeleg i vår beskytta verd.

Vi kan alle vera offer for potensielle menneskelege utøy. Som får utvikla seg – av ulike grunnar. Menneske ingen orkar å omfamna før det er for seint.
Personar som søkjer og finn identitet på farlege stader.

Disiplane til Jesus var 12. Dei snudde ein heil kultur med krig og brutalitet.
Nokon meiner at Jesus ikkje er Gud. Like fullt var dei berre 12.

Dei tok seg av enkjer og fattige, som ingen andre brydde seg om.

Flokken vaks.

Kristendommen spreidde seg. Dei møtte fiendar utan frykt.
Dei gav uhemma kjærleik. Dei song lovsongar når dei blei mishandla.

Flokken vaks.

Dei behandla kvinner som likemenn. Dei brydde seg om sjuke.

Flokken vaks.

Dei jobba etter same filosofi, dei trudde på noko større enn seg sjølv.

Flokken vaks.

Dei gjekk i døden for det dei trudde på. Ikkje ved å drepa andre i same slengen, men ved ofra livet for å redda fleire.

Dei var 12, vi er mange.
Vi veit kva vi vil og kva vi har hatt.

Vi vil ha fridom

  • til å pusta
  • til å velja kven vi vil elska
  • til å leva i fred
  • til å bestemma kven som skal bestemma
  • til å elska våre barn
  • til å leva medan vi lever
  • til å ikkje vera redd utan grunn
  • til å skriva kva vi vil utan at nokon blir lite snill
  • til å elska sommaren utan bombestrø på isen
  • til å vera vill og gal og nyta livet i fulle drag
    Nokon har gjort det før.
    Dei var 12.

Det finnest mange som treng å omfamnast. Vi kan klara det, men vi treng å stå saman!

Rosa rose

%d bloggers like this: