Behald lidenskapen

Lidenskap er eit sterkt ord. Kanskje for sterkt. Men, sterke ord må ofte til for å illustrera eit poeng.

Lidenskap kan vera godt og vondt på same tid. Men, ofte blir den vonde delen overskugga av den gode. Eg er ein person med lidenskap for det meste. Det kan vera slitsamt å ikkje berre flyta med. Men, eg ville ikkje ha vore den forutan.

I fjor haust budde vi på eit lite, enkelt hotell i Kroatia. På ein aude plass som heiter Štikovica.
Restauranten som var tilknytta hotellet blei drive av eit par i 30-åra.
Ho var kokk. Han var servitør.
Dei sveitta og strålte om kapp. Jobba frå kl. 7 til midnatt kvar dag, men strålte likevel.
Dei elska det dei dreiv med. Serveringa var ikkje berre ein jobb. Han selde maten til kona, som om han skulle hatt betalt for det.
Det var sikkert fleire enn meg som følte at vi var personlege vener etter ei veke i nærleiken av dei.
Restauranten låg som nr. 3 på Tripadvisor si liste over alle restaurantar i Dubrovnik.
Dei hadde lidenskap.
Vi reiser tilbake dit no. For første gong i mitt liv reiser vi tilbake til same sydlege plass.

Når eg får bruka lidenskapen min blir eg:
– engasjert
– tar ansvar
– blir kreativ
– får energi
– kjem på nye idear
– gjer ting utan at eg blir bedt om å gjera det, tar initiativ sjølv om det betyr ekstra arbeid
– blir effektiv og målretta
Det motsette skjer når nokon rokkar ved lidenskapen.

Å få lov til å vera lidenskapleg betyr ein forskjell.
Det betyr ein forskjell for ein sjølv, dei rundt og heile samfunnet.
For meg kan det virka som om mange blir fråtatt lidenskapen til jobben sin.
Eg har observert denne trenden i mange år og det gjer meg sorgtung.

Lærarar blir detaljstyrte – dei må rapportera i staden for å bruka tid på å utvikla elevane individuelt.
Tid der dei kunne ha brukt eigne evner til å driva læringa i rett retning.

Eg snakka med ein som jobba på ein arbeidsplass som var blitt sentralisert. Alle blei tvinga til å jobba etter rutinar, som etter hans meining ikkje var effektive. Fordi alle skulle gjera det likt. «Jobbgnisten» blei tukla med.

Vi høyrer stadig om opprør hos legar på austlandet. Dei blir flytta på for at det heile skal bli meir effektivt –
nokon tuklar med lidenskapen deira. Dei må gjera som dei får beskjed om. For oss som ser det frå utsida gir det oftare uttrykk for kaos enn effektivitet.

Nedskjeringar og oppkjøp i avisbransjen. Sikkert umogeleg å unngå, men noko skjer med lidenskapen. Eg les det mellom linjene. Ting endrar seg.

Rasling med sablar for TV2 – i fleire år. Noko skjer heilt sikkert med lidenskapen.

Redsle for kommunesamanslåing – kva ville skjer med lidenskapen til nærsamfunnet om ein får mindre moglegheit til å påverke?

Flyktningar som klikkar, mange har kanskje flykta frå lidenskapen. Det kan vera tungt å ta den tilbake.

Lista er utømeleg.

Nokon har sikkert ein viss lidenskap for å måla og laga rapportar på kva andre gjer.
Då vil det vel automatisk bli færre til å utnytta lidenskap på produksjonssida?
Vi har vel nokolunde konstant mengde pengar og folk å rutta med?

Er det berre eg som har slike tankar?


 

 

 

%d bloggers like this: