Unyttig idiot

Eg har ein sjukleg trong til å kjenna meg nyttig. Spesielt når eg har ferie. Som no, ei veke i Kroatia. Heime kan eg sitja og drikka kaffi og sjå på alt eg skulle ha gjort. I lengre tid faktisk, utan å kjenna på same trongen.

Då vi var små måtte vi gjera litt arbeid på småbruket, som å raka høy eller plukka bær, før det var snakk om bading. No kan vi liggja og skvalpa i sjøen ein heil dag utan at nokon reagerer. Det kjennest langt i frå rett.

I syden pleier eg å ha med meg strikketøy som eit slags alibi for å gjera noko nyttig. Sjølv om det sikkert er eit par generasjonar sidan det var nokon som såg på det som noko meir enn psykologisk avlastning for folk omkring. Denne gongen klarde eg å gløyma ein strikkepinn. Det gjer meg totalt hjelpelaus og unyttig.

Dessutan fann eg ikkje boka eg hadde tenkt å ta med meg. Eg enda opp med @ Erlend Loe. Som skriv om ein sjølvmordskandidat – på både inn- og utpust. Kan ikkje koma på noko meir unyttig å lesa når sant skal seiast. Spesielt ikkje når huvudpersonen håpar på at eit fly skal detta ned. Noko eg ikkje likar tanken på til tilbaketuren.
Men, eg likar skrivestilen hans. Det ser ut som tankane treff tastaturet før dei treff hjernen. Slikt kan eg identifisera meg med.
Då er det verre med turistane. Japanesarar med paraplyar gjer likevel at eg føler på eit visst samhald. Fekk i ei kjensle av å vera heime i Bergen, men med litt motsett forteikn kanskje.

Eg har fått med meg eit par nyttige artiklar om god leiing. Synest ikkje eg passar inn i nokon av dei. Eg fekk diverre aldri spurt yndlingssjefen om kvifor han kom på å tilsetja meg. Han døydde etter å ha vore sjuk i kort tid. Måtte fella eit par tårer når eg tenkte på det. Til litt kaffi og endå litt meir dessert. Midt på heitaste dagen. Glad eg aldri oppnådde sommarkroppen. What a waste.
No er den neste sjefen stuck med meg. Sikkert utan å forstå kva eg kan brukast til.

Å missa ein yndlingssjef har gjort noko med meg kjenner eg. Livet er for kort til å ikkje skriva eit unyttig innlegg.

Om nokon skulle lura er eg kanskje meir påverka av Loe enn eg anar då dette innlegget verken har mål eller meining.

Botanisk hage Lopud island Dubrovnik
Botanisk hage Lopud island Dubrovnik
Strand Stikovica Dubrovnik
Strand Stikovica Dubrovnik

Strand Stikovica Dubrovnik 2016

%d bloggers like this: