Kristen og dum som ein sau?

Eg hugsar ikkje kor gamal eg var, men eg var i tenåra ein stad. Eg prøvde meg ei halv vekes tid på å ikkje vera kristen. For å ha prøvd det liksom. Det gjekk heller dårleg. Eg var rett og slett ein totalt ubrukeleg ateist, agnostikar eller tilsvarande. Saka var at eg hadde ein trong for å ha noko å tru på. Og då kunne eg ikkje sjå for meg noko alternativ til den Jesus eg var kjend med.

Sidan den gong har eg ikkje sett nokon grunn til å prøva igjen. Så vidt eg veit er kristendommen den einaste trusforma som har ein god Gud. Eg likar tanken på at Gud vil meg vel, og at det ikkje er opp til meg å vera den gode. Det gjer det meir motiverande på eit vis. Å vera god i seg sjølv er jo ikkje akkurat lett. Eg hadde nok ikkje vore typen som hamna i himmelen om det skulle vera opp til mine gode gjerningar.

Uliksapen mellom sauer og kyr er at sauene følgjer etter sin hyrde medan kyrne må piskas i rett retning. Så for meg er det heilt OK at bibelen ofte brukar sauer som eksempel på truande. Eg likar å gjera ting av fri vilje.

I enkelte miljø blir kristne oppfatta som nokon som trur på eventyr. Det er heilt greitt. I tilfelle trur eg på same eventyra som til dømes Newton, C.S. Lewis, Louis Pasteur, som alle var profilerte kristne. Om eg er lettlurt har eg tru på at desse var hakket glupare.

Eg treng å takka Gud fordi det gjer meg glad

  • Eg takkar for både det vanskelege og det gode. Fordi eg trur at Gud har kontroll uansett.
  • Det blir kanskje litt ekstra godt å ha nokon å takka når nokon eg er glad som har vore sjuke blir frisk igjen.
  • Innimellom kjem eg på kor heldig eg er som kan skriva og snakka fritt utan at nokon finn på å kasta meg i fengsel.
  • Eg takkar Gud når eg ser den vakre naturen rundt meg.
  • Eg takkar Gud for konge og regjering – enten eg likar eller ikkje likar det dei måtte finna på.

Eg ropar til Gud når ting er vanskeleg

  • Anar verkeleg ikkje kva eg skulle gjort om eg ikkje kunne hylt høgt til nokon innimellom.
  • Eg klagar til Gud når uskuldige blir drepne (skuldige og for den saks skuld).
  • Eg grin til Gud når barneliv går tapt før dei har begynt. Så takkar eg for at dei er trygt oppbevart i himmelen.
  • Eg hyler og skrik til Gud når kristne oppfører seg på ein måte som gjer at andre tar avstand frå Gud.

Eg treng å be Gud og menneske om tilgjeving

  • Når eg kjeftar på ungane i tide og utide.
  • Når mannen får gjennomgå fordi eg har hatt ein dårleg dag på jobb.
  • Når eg har vore ufin med kollegaer og familie.
  • Når eg har vore arrogant.
  • Når eg har vore grådig og ikkje deler min rikdom med dei som treng det.prestekrage
  • Når eg kjenner meg likegyldig når menneske blir bomba.
  • Når eg snakkar stygt om andre.
  • Når eg dømer folk etter utsjånaden (også dei som har pynta på fasaden).
  • Når eg legg nokon for hat.

Eg treng Jesus for å føla meg trygg

  • Trygg på at Han ser det store bilete. At eg kan vera trygg enten eg lever eller døyr.
  • Eg treng å tru at Gud har ein plan for ungane og at dei blir beskytta når eg ber om det.
  • Eg treng å ha nokon å snakka med når eg ikkje får sova.
  • Eg treng nokon som er større enn meg sjølv når alt toppar seg.
  • Eg treng å tru at store og spanande ting kan skje, ting som eg ikkje forventar.
  • Eg treng å ha nokon å leggja bort tankar hos,  tankar på alt det stupide eg kan ha sagt og gjort i løpet av ein dag.
  • Eg treng å vita at noko er stabilt om eg er ustabil.

Eg treng eit håp om liv etter døden

Om det skulle ha vore så ille at eg tok feil. At Jesus ikkje er Gud, så har eg i det minste hatt nokon eg har kunna takka, ropa til, kjenna meg trygg hos i det livet eg trass alt har.

spindelvev

%d bloggers like this: