Justin Bieber – eit fenomen til ettertanke

Eg har allereie klart å få med meg to konsertar med Justin Bieber. Og då har eg enno ikkje runda 47 år.

Etter å ha enda sitjande på golvet på sist konsert i 2013, var vi denne gongen trygt plassert på tribunen. Tett inntil ein eller annan fjortis, som minna meg sterkt om hunden vår, som sitrar av intens spaning etter å kasta seg over mine nyinnskaffa høner. Jenta sat heilt på kanten av stolen og var tydeleg heilt oppslukt. Kult. Eg unngjekk så vidt å få olbogen hennar i hovudet eit par gonger, då dei mest kjende melodiane ble framført. Uansett – kult. Ho var eit tydeleg eksempel på korleis resten av fansen opplevde konserten.

Konserten starta med «Mark My Words»:

Justin blei heist opp i ein glaskube og skreiv nokre ord på glaset. Anar ikkje kva. På tilsvarande konsert i Orlando i 30 . juni skreiv han følgjande: Mark my words. I don’t deserve love. Jesus you do! Bileta under er speilvendt for å vise kva han skreiv. Eg anar ikkje om det har skjedd fleire gonger. Uansett – interessant.

justin_jesus_mark_my_words_1200px
Screenshots frå Youtube frå konsert i Orlando 30. juni 2016 https://www.youtube.com/watch?v=iQ8Uehm-OcI 

For meg viser dette at Justin prøver åvisa meir kven han eigentleg er.  Det er ikkje så enkelt å formidla på andre stader enn sosiale medium, då det kan virka som tradisjonelle media er mest interessert i underhaldningssida ved Justin. Shame on you!

justin-bieber-pubilikum-telenor-arena-23-september-2016
Justin Bieber i Telenor Arena 23. september 2016. Pubilkum.

For meg var dei augeblikka då han sat i sofaen og spelte og song dei mest magiske. Dette er ein kar som eg gjerne skulle ha vore på konsert med, helst utan dansing og show. Berre den «bare» Justin. Han kan fengsla kven som helst når han verkeleg vil.

Justin Bieber i kilt
Justin Bieber i kilt

I sofaen leverte han «live»-musikk i tillegg då om lag halvprtaen av synginga såg ut til å vera unnagjort i god tid før konserten. Ikkje like lett å syngja på ekte når ein dansar så heftig samtidig. Men, meir av dette ekte virka det som om fleire enn eg kunne ha tenkt seg.

Innimellom tok eg meg tid til å høyre på bandet, dei var over gjennomsnittet, men forsvann litt i alle dei overveldande inntrykka. Dansarane var fenomenale og showet var så fargesprakande at eg blei heilt overvelda.

Konserten gav meg heilt klart litt å tenkja på. Det har sete langt inne, men eg trur faktisk eg har litt å læra av denne typen, og ikkje minst av fansen hans.
Folk på min alder har lett for å lesa overskriftene i media og svelgja resten av innhaldet ulest og rått.

Justin har gjort noko smart. Han har fortalt sanninga til fansen sjølv. Dei har vald å tru meir på han enn på media. Han har aldri prøvd å framstilla seg sjølv som perfekt. Det er kanskje fleire som bør tvila på kva media har å fara med. Det er ikkje alltid dei har eller er interessert i heile sanninga.

Eg høyrer mange på min alder som seier at han er eit dårleg førebilete, men det var det nok mange av oss som kunne ha vore dersom vi hadde hatt med oss ein pressefotograf i baklomma. Nokon som dokumenterte dei minste feiltrinn vi gjorde. Personleg hadde eg nok ikkje klart å reisa meg igjen om nokon skulle tatt med nesten berre det negative eg har gjort og sagt. Då hadde eg nok hoppa utfor eit stup først som sist.
Som 22-åring må ein vel også få lov til å vera litt vill og gal? Kan ikkje hugsa at eg var heilt tam sjølv på den tida. Litt klining i skogen kan vel til dømes fleire av oss ha på samvitet.

Justin lar seg ikkje tvinga til å smila dersom han ikkje kjenner seg glad. Skal ein klandra nokon for at fyren går på ein smell her og der, så må det vera dei vaksne han har hatt rundt seg opp gjennom tidene. Dette er nok ein type som gir alt til han ligg flat.

På konserten i 2013 dansa Justin rundt i minst mogeleg kler. I år kunne det virka som han prøvde å skjula kroppen litt meir. Halve konserten spratt han rundt med ein kilt utanpå ein tights. Musklane viste han berre i små glimt for skams skuld.

Meir musklar blei vist som mimring på storskjerm. Sikkert i tilfelle nokon blei veldig skuffa av å ikkje få sjå litt meir kropp. Til slutt putta han hovudet  inn i eit raudt tørkle, som gav meg flashback til tante Sofie i Kardemommeby. Søtt og veldig lite sexy. Like greitt om det blir meir fokus på det som er inni enn utanpå.

justin-bieber-konsert-telenor-arena-23-september-2016

 

Til meir eg tenkjer over det dess meir imponert blir eg over fyren. Han har vist ei heil verd baksida med å vera kjendis. Og samtidig går den personlege utviklinga sakte i rett retning. Det er tydeleg at han prøver å visa meir kven han eigentleg er. Perfekte folk blir vi lett lei av. Her er det mykje uoppdaga. Det er eg overtydd om.

Eg ser spesielt spent på den åndelege utviklinga. Heile turneen er namngitt «Purpose» som viser til låten som er ein hyllest til Gud.

Denne song han sitjande på scenen. Ei bragd i seg sjølv. Og her song han faktisk på ekte. Vakkert.

Lyrics Purpose (frå Google Play Musikk)

Feeling like I’m breathing my last breath
Feeling like I’m walking my last steps
Look at all of these tears I’ve wept
Look at all the promises that I’ve kept

I put my heart into your hands
Here’s my soul to keep
I let you in with all that I can
You’re not hard to reach
And you bless me with the best gift
That I’ve ever known
You give me purpose
Yeah, you’ve given me purpose

Thinking my journey’s come to an end
Sending out a farewell to my friends, forever peace
Ask you to forgive me for my sins, oh would you please?
I’m more than grateful for the time we spent, my spirit’s at ease

I put my heart into your hands
Learn the lessons you teach
No matter when, wherever I am
You’re not hard to reach
And you’ve given me the best gift
That I’ve ever known
You give me purpose everyday
You give me purpose in every way

Oh, you are my everything
Oh, you are my everything

I don’t know if this is wrong because someone else is telling me that it’s wrong but I feel this so let me just like, try my best not to let this happen again. We weren’t necessarily put in the best position to make the best decisions.

You can’t be hard on yourself for these were the cards that you were given so you have to understand that these, like… that’s not who you are. You know you’re trying to be the best you can be but that’s all you can do. If you don’t give it all you got, you’re only cheating yourself. Give it all you got, but if it ends up happening, it ends up happening.

That’s what—that’s what’s happening with me. It’s like God I’m giving it all I got, sometimes I’m weak and I’m gonna do it, and it’s like I’m not giving myself grace, I’m just like understanding, that’s just how it is.

Bieber prøvde å sei eit par ord under konserten, men det var ikkje så enkelt. Fansen var hylande begeistra for å sei det mildt. Det kan ikkje vera enkelt å sei noko fornuftig når ein blir avbroten av fleire tusen jenter kva gong ein prøver. Eg kan faktisk forstå at han har gitt opp det prosjektet, og heller seier noko innøvd – for å ha gjort det liksom.

Mange av låtane blei som sagt framført med playback. Han prøvde ikkje å skjula det ein gong. Og kvifor skulle han det? Langt meir ærleg å slengja mikrofonen frå seg ein stund når han likevel ikkje syng på ekte. Verre var det kanskje å kasta frå seg trommestikkene til nokon som ikkje heilt var klar for å ta imot. Men, rykta seier at alle overlevde. Det var forresten veldig gøy når han tok ein solo på trommene. Blei berre litt raskt overstått.

Å ha ein svevande trampoline på ein oppheist scene var ei interessant førestilling. Kjende eg var litt glad for at ikkje mine jenter sto under den. Men, det fuka jo, og eg forstår at han treng litt fysisk aktivitet samtidig som han opptrer. Blir sikkert ikkje tid til så mykje trening mellom konsertane.

Eg noterer meg eit par ting slik at eg kan hugsa det til neste Bieber-konsert:

  • Ikkje gidd å kjøpa drikka rett utanfor inngangen. Den blir inndradd etter 20 meter ved neste ransaking.
  • Smågodt, halslinser og anna kan gøymast i BH-en eller liknande, om det ikkje skal blir konfiskert ved inngangen.
  • Øyreproppar bør tas med. Kan med fordel puttast i før det kjem ein gamal slager. Då startar hylinga på sekundet. Det verkar som om fansen har fått med seg kva melodi som kjem før han veit det sjølv. Ikkje klarer eg å forstå at dei klarte å oppfatta det så raskt.
  • Ikkje gidd å stå i kø på dametoalettet. På Bieber-konsertar blir desse unisextoalett før du anar ordet av det. Mennene tok det overraskande fint. Dei hadde nok blitt dårlegare behandla på dametoaletta. Her burde forresten nokon ha merka dei toaletta med urinal.

Det var berre pittesmå pausar, så han haldt verkeleg koken frå 20.30 – 22.10.

Dette var min objektive tankar etter å ha hatt gleda av å dela ei sjeldan oppleving saman med 23.999 andre ungdommar. Ei ære i seg sjølv.

justin-bieber-telenor-arena-oslo-23-september-2016
Telenor Arena Justin Bieber 23. september 2016

 

 

 

%d bloggers like this: