47 år og nesten like heil

Bursdagar kan ofte vera som nyårsafta. Eg tenkjer over kva eg har. Og det er ikkje reint lite. Eg treng ikkje alltid vera lukkeleg for å vera takknemleg. Takknemleg kan eg vera uansett kva som skjer.

Det er stort å få oppleva å bli så gamal. Det er på ingen måte ei selvfølge når eg ser meg litt rundt seg.

Eg har rett og slett vore svinheldig som har opplevd å veksa opp med to foreldre, og eg har fortsatt berre dei to.
Eg har fått leva i tida før smarte telefonar og andre dippeduttar. Den tida det var mogeleg å kjeda vitet av seg. Det lærde meg å bli kreativ. Den dag i dag finn eg stort sett betre alternativ enn å kjeda meg. Farfaren min visste ikkje kva ein kalkulator var. Eg såg meg ikkje syn med å prøva å læra han det heller. Heilt fint at han kunne rekna på anna vis. Eg lurer på kva mine barn vil prøva å læra meg når eg blir gamal å grå.

Vi fekk ikkje fjernsyn før i 1982. På den tid lengta eg etter det, men no er eg glad for at eg fekk oppleva ein periode utan. Det var på den tid eg lærde meg alt mogeleg handarbeid.

På ein dag som dette takkar eg Gud for at eg fekk oppleva å bli gift. Eg håpar inderleg vi kan veksa opp og bli gamle saman. Det hadde gjort meg lukkeleg. Det beste av alt er å ha fått to uvanlege gode svigerforeldre på kjøpet.

To elskelege jenter er noko eg er overlukkeleg for å ha fått i hus. To jenter som avsluttar alle telefonsamtalar, uansett med kven, med: «Glad deg!» Eg blir aldri lei av å høyra det. Eg trur dei har lært nokre folk rundt seg til å sei det same.

Kollegaer er mitt sosiale liv, dei gir meg glede i kvardagen. I gode og vonde dagar som det heiter. Eg er uendeleg takknemleg for at eg har hatt jobb i alle år, og inntil no aldri har trengt å vera redd for å bli arbeidsledig.

Vennene er der sjølv om eg ikkje har kapasitet til å bruka tid saman med dei. Dei er der når eg treng dei. Eg har dei mest tolmodige venner.

Nesten ingenting er som å krypa under teppet med hunden, som lagar fleire koselydar enn ein katt.

Eg har aldri opplevd å ikkje ha tak over hovudet, eller å frysa meir enn eg har fortent. Til denne dag har eg aldri vore redd for å få ei bombe i hovudet, eller å vera redd for å senda ungane på skulen.

Huset har aldri blitt tatt av flom og maten har uteblitt på grunn av tørke.

I det siste har vi fått høner. Det er fantastisk. I dag begynte den eine høna å leggja egg. Eg tok det som ei personleg oppmuntring. Eg innser at eg berre har blitt eldre på utsida. Inni meg kjenner eg like barnsleg glede som eg alltid har gjort.

Ha takk o Gud for dagen:)

 

%d bloggers like this: