Grovbrød du aldri blir lei av

Ein av grunnane til at eg fortsatt er godt gift kan vera at eg har gjort han avhengig av mine heimebaka brød. Desse brøda har eg baka minst ein gong pr månad i omlag 27 år.  Med litt små justeringar på oppskrifta.
Dersom nokon skulle ha bruk for framgangsmåten etter min avgang, kan det vera greitt å ha den dokumentert.

Etter nokre år vil heile greia gå ganske automatisk. Eg reknar ca.  4 timar til saman for å ha ferdige brød. Så det kan vera praktisk å ta det ein gong du likevel er heime.

Her er det berre til å gjera som det står beskrive utan å tenkja for mykje over kvifor. Det kan eg heller forklara dersom nokon skulle bli usikre på detaljane.

Bruk ein eltemaskin. Til dømes Bosch.

Ingrediensar

Ingrediensar:

  • 1,5 kg grovbakst (Møllerens er best, ikkje sponsa)
  • 2 dl havregryn
  • ca 400 g kveitemjøl til passe deig
  • 3 ss sukker, gjerne brunt
  • 4 ts havsalt
  • 25 g fersk gjær (eg lovar at det er nok dersom du gjer resten slik det står)
  • 1 dl olje (raps, solsikke, oliven, what ever)
  • 3 dl youghurt naturell + 9 dl vatn
    eller 4 dl skumma kultur + 8 dl vatn

Framgangsmåte:

  • Bland alt det tørre, hald igjen litt av kveitemjølet
  • Smuldre gjæren direkte oppi
  • Tilsett olje
  • Varm 9 dl av væska på full guff i mikroen i 1 min
  • Resten av væska skal vera ca 30°C (kaldare enn vanleg med andre ord)
  • Tilsett væska medan du har maskinen på sakte fart, hald tilbake ca 0,5 dl væska
  • Tilsett kveitemjøl til deigen ikkje ser for klissete ut. Det bør ikkje henge for mykje deig att i kantane. Då blir det for mykje styr med oppvasken.
    Men, det er betre at den er for klissete eller for hard.
  • Køyr maskina på sakte fart i 3 min
  • Guff opp på full fart og tilsett resten av væska.
  • Køyr maskina i 7 min

 

Ferdigelta brøddeig
  • Hev deigen i 55 min
  • Del i deigen i tre og lag runde emner.
Elta til runde emner
Elta til runde emner
  • Hev under handkle med plast over i 15 min
  • Form til brød og legg i former smurt med olje.
  • Set dei i omnen, nederste rist. Sett omnen på 25°C.

 

heving-i-omn
Heving under plast i omn 25°C
  • Legg på handkle og plast igjen. Om du tør. Her fråskriv eg meg eit kvart ansvar om du smeltar litt plast, men det pleier å gå fint på så lav temperatur.
  • Hev på dette viset i 35 min.
  • Ta formene ut av omnen, legg på handkle og plast igjen.
  • Sett omnen på 200°C og vent i 12 min.
ferdig-heva-brod
Ferdigheva brød
  • Set brøda på nederste rille. Steik i 21 min.
  • Legg så eit bakepapir over brøda for å unngå at dei blir svidd på toppen. Pass på at papiret ikkje tar borti veggen.
    Her tar eg heller intet ansvar.
Bakepapir over etter 21 min
Bakepapir over etter 21 min

Steik i 32 min.

Og sim sala bim så er brøda klare til eting.

Lykke til:)

Oppdaterer med artikkel frå Bygdanytt:

http://www.bygdanytt.no/magasin/Brodoppskrifta-til-Oygunn-har-tatt-av-pa-Facebook-527170.html

%d bloggers like this: