System for husarbeid som har effekt

Eg klarde ikkje å la vera å skriva dette etter å ha lese Frøydis Braathen sin artikkel Lommepenge-appene som får barna til å jobbe i BT 17. oktober 2016. For meg kan det virka som alle desse appane manglar ein viktig bit.
Det som handlar om å redusera uønska åtferd. Noko som kanskje er minst like problematisk som at diverse husarbeid ikkje blir utført.

Vi er berre fire menneske i familien, men likevel kan det ta mindre enn ti minutt før huset ser bomba ut. Tidlegare har eg prøvd å laga lønningssystem, der ungane har fått ein gitt sum for å tøma oppvaskmaskina, henga opp klede og så vidare.

Men, hovudproblemet er heller andre ting som at:

  • Glas og fat svært ofte ikkje kjem inn i oppvaskmaskina
  • Klede blir liggjande i haugar på badet eller andre stader
  • Hunden ikkje automatisk får tur
  • Ungane har problem med å koma seg i seng, og det blir masing
  • Mange par sko som ligg slengt i gangen
  • Bruk av stygge ord ved krangling
  • Maten blir ikkje eten opp

Det hadde vore moralsk forkasteleg å betala nokon for å gjera dei opplista tinga. Det skulle vera sjølvsagt. Noko det erfaringsmessig ikkje er.
Så lenge vi har det så godt her i landet, vil vanlegvis ikkje ungane mangla pengar til å kjøpa seg det dei treng. Til jul og bursdagar har dei kanskje problem med å koma på noko dei ynskjer seg.
Då er det vanskeleg få dei motivert til å jobba seg opp for 10-20 kr. i slengen.
Det tar for lang tid, og dei gir opp før dei har kome til 50. Dette fungerte kanskje i gamle dagar, men ikkje no. I alle fall ikkje i mitt hus.

For omlag eit halvt år sidan datt det ein plan ned i hovudet mitt, som vi har testa ut i fleire omgongar.

Min idé går ut på å snu heile konseptet på hovudet. Hypotesen er at det er verre å missa pengar enn å aldri få dei.

Framgangsmåte

  • Ungane får eit visst tal kroner i ein pott. Restbeløpet blir utbetalt etter ein månad. Potten bør vera så pass stor at dei ser poenget.
  • Det blir notert minuskroner for dårleg oppførsel som på punktlista over. Sum og innhald for pluss og minuskroner blir avtalt på førehand i eit husmøte.
  • Potten minkar ved ting som gir minus,
  • Potten blir bygd opp igjen ved å gjera arbeid, som å ta ut av oppvaskmaskina, hengja opp klede. Slike ting som kan forsvarast å betala for.
  • Potten kan ikkje bli større enn den var i utgangspunktet, men det blir ikkje eit problem så lenge ein i teorien kan få minuspoeng kvar dag. Pluss er ikkje så lett å oppnå.
  • Reglane blir kanskje litt ulike for ungane då dei treng å fokusera på ulike ting.
  • Det bør ikkje bli for mange reglar slik at det går i surr.
  • Foreldra fører minus og pluss på ei liste. Pluss kan dei også føre sjølve.
  • Når det er gått ein månad blir pluss og minus lagt i saman og restpotten blir utbetalt prompte.
  • Lista blir evaluert og justert for kvar periode, slik at dei kan få inn nye vanar.

Effekten har vore overveldande

Dei gongene vi har hatt systemet aktivt, har ungane vore i seng til fornuftig tid.
Badet har vore ryddig, berre mine klede som har lagt igjen, men, eg har også blitt meir motivert til å rydda. Eg bør jo ikkje vera dårlegare enn ungane. Mannen rotar forresten ikkje, men han får tre færre kvinnfolk å irritera seg over.
Det har blitt mindre av stygge ord. Lista måtte ofte sjekkast før orda blei sagt, i tilfelle dei ga minus, og i mellomtida gjekk sjølvsagt sinnet over. Her har vi ført opp heilt konkrete ord.
Eg har sloppe å plukka glas og fat heile dagen, noko som vanlegvis plagar vettet av meg.

Planen var å få laga ein app på dette, men det vil ta tid, og i mellomtida er det for galt om ikkje fleire kan prøva seg.
Dette krev berre eit husmøte, penn og papir, og ei liste med pluss og minusoppgåver. Summen må jo sjølvsagt tilpassast kvar heim.  Det var faktisk verdt ein god del cash å sleppa å masa om rydding kvar dag.

No blir det lønsamt for dei vaksne når ungane gløymer å ta av bordet: «Haha, du får minuspoeng». Ingen vil ha minuspoeng for noko som eigentleg kostar lite å gjera, men som betyr mykje i den store samanhengen.

Heile familien merka at det blei frigjort tid til positive ting i staden.

Om nokon melder seg til å utvikla ein app på bakgrunn av min idé, er eg svært glad på alle foreldre sine vegne. Kravspesifikasjonen har eg klar.

Eg legg ved eit eksempel på liste. Så lenge det ikkje finnest ein app er dette er det best å skriva ut ei liste og hengja den på veggen.

Oppdatert med artikkel i BT:
http://www.bt.no/btmeninger/debatt/Slik-far-du-barna-til-a-gjera-husarbeid-325316b.html

husarbeid_skjermbilde

Solnedgang Grimesvingane Bergen
Solnedgang Grimesvingane Bergen

 

%d bloggers like this: