Kanskje ikkje heilt fritt behandlingsval

Fritt behandlingsval gjeld kanskje ikkje for dei som er veldig sjuke og bur på feil plass?

For ei tid tilbake hadde eg ei desperat oppleving, der eg prøvde å få flytta ein nær slektning frå Stord sjukehus til Haukeland universitetssjukehus. Han blei berre sendt vidare til Haugesund som var enno lengre vekke.

Sjølv om det etter boka skal vera fritt sjukehusval, kan dette opplevast om nærast umogeleg, så lenge pasienten opphavleg høyrer til i eit anna helseføretak.

Grunnen til at eg ville ha slektningen til Bergen, var at det då gjekk an å halda tettare kontakt både med han og med behandlarar. Eg opplevde at behandlinga som blei gitt var svært mangelfull, og det var svært krevjande å ikkje kunne ta meir del i det som blei gjort på grunn avstanden.

Når sant skal seiast enda det veldig bra, men då etter å ha vore innom 5 avdelingar på to ulike sjukehus. Det verste var å føla at ingen hadde kontroll. Det kan jo hende at dei hadde, men det var ikkje mi oppleving.

Eg har forståing for at ein ikkje kan ha fritt behandlingsval for akutthjelp, men så lenge behandlinga drar ut, skal det vera mogeleg å søkja pasienten over til kva som helst sjukehus i landet.

Det opphavlege sjukehuset nekta å søkja då dei var sikker på å få avslag. Dessutan klarde dei jobben like godt sjølve meinte dei. Noko eg på ingen måte opplevde.

Å sokna til rett føretak kan vera avgjerande i ein slik situasjon. Her handlar det kanskje mykje om prestisje og ikkje minst om at nokon sikkert må betala gjestepasientoppgjør.

Avisa Agder hadde ein artikkel om dette 3. november 2016: «Belønnes» for å beholde pasienter innen Sørlandet.

I mi sak klarde eg å grina meg til at fastlegen tok affære, og fekk inn ei tilvising til Haukeland universitetssjukehus. Denne blei galant avvist fordi dei ikkje hadde plass. Men, han blei heller ikkje sett på venteliste.

Det er i slike samanhengar det verkeleg hadde vore nyttig med fritt behandlingsval. Ikkje når ein skal gjera ein planlagt operasjon, som i teorien kan gjerast av kven som helst.

Men, kanskje det er eg som har trykt «Mitt Haukeland» for tett til brystet.

Eg har høyrd om fleire pårørande som har kjempa ein lang og hard kamp for å få sine slektningar over grensa frå Sunnhordland til spesialisthelsetenesta i Bergen.

Eg har enno ikkje høyrt om nokon som har klart å vinna gjennom. Nokon har prøvd i fleire år.

Her hjelper det ikkje ein gong å kjenna systemet. Det er eit dårleg teikn, då er det nok ikkje praktisk mogeleg å få til.

Pasientvernombodet hadde heller ikkje så mykje å stilla opp med. Dei kan behandla ei klage etter at alt er over. Og slike klager er sikkert ikkje aktuelle så lenge pasienten overlever med nokolunde god margin.

Lokalsjukehus for ein kvar pris?

Det er ikkje tvil om at ein er prisgitt sitt lokalsjukehus. Det er sjeldan dette kjem fram i kampar om å bevara lokalsjukehusa. I visse situasjonar trur eg at pasientane hadde tent på å kunne få koma til eit sjukehus med eit større miljø med høgare kompetanse.
Det er ikkje tvil om at mange pasientar blir utsett for prøvekanin-verksemd over lengre tider. Om dei er heldig, får dei eit akutt anfall av eit eller anna som ikkje kan handterast på heimebane. På det viset er det mogeleg å sleppa over grensa.

Nærleik til pårørande vil ofte vera vel så viktig som noko anna dersom ein er alvorleg sjuk over lang tid. Dei private tar seg stort sett av hurtig-kirurgi, så der er det ikkje mykje å henta ved tilstandar som ikkje fell inn under den kategorien.

Fritt behandlingsvalg blir nesten ikke brukt av Kari Pedersen 1. november 2016  og For tidlig å avskrive fritt behandlingsvalg, leder i BT 3. november 2016 omtalar den biten som handlar om det private.

Her er det også mykje som ikkje er på plass. Til dømes er det ikkje lagt til rette for elektronisk kommunikasjon mellom private bedrifter og spesialisthelsetenesta. Dette bør også opp å gå om ein skal få full effekt av tilbodet.

Etter mitt syn er det ikkje nok å telja kor mange pasientar som har nytta seg av fritt behandlingsval. Det må også utviklast måtar å fanga opp dei som prøvde, men som ikkje blei høyrd. Tippar det er ein god del.

 

Hortensiaen blomstrar, november 2016, Haukeland universitetssjukehus
%d bloggers like this: