Det mystiske

Det er kanskje berre eg som opplever at ting går i litt feil retning når det gjeld vårt seksualiserte samfunn. Tilgang til det meste ligg berre eit par museskritt unna. Uansett alder blir ein overausa med kroppspress, valdtekter og misbruk. Det vil liksom ingen ende ta. Eg er såpass realistisk at eg forstår at dette toget ikkje streikar med det første. Men, det kan kanskje vera mogeleg å byggja opp ei motvekt?

Siste året på vidaregåande (1988) skreiv eg særoppgåve om Johannes Heggland sine barne- og ungdomsbøker. Aldri i mine villaste mareritt har eg sett føre meg at eg skulle driva med litteraturanalyse igjen. Men, det er langt kjekkare når eg ikkje må.
Det var spesielt ein liten bit i ei av bøkene som gjorde inntrykk på meg den gong. Eg var så heldig å finna att avsnittet, som eg berre hugsa glimtvis.

Her er utdrag frå Sølvdenaren s. 30:

Torve opplevde det med alle sine sansar, saug i seg alle lydane som var han eit tre som tok til seg væta med røtene. Han var eit tre! Dei var to tre i skoglunden, Tana og han, og vinden ruska i lauvet deira. Nei, det var ikkje to tre, dei var to dansane dyr i skogen! Hadde han ikkje sett på den leiken mange gonger? Leiken som gjekk over moar og myrar – ho føre og han etter, til dei nådde ein stad dei kunne vera åleine. Då hadde hoa gått og snusa på hannen som eit kjærteikn mest – til tida var der. Det var den leiken som hadde fortalt Torve mest om han sjølv i dei siste tidene, fortalt han litt om det mystiske både i han sjølv og i dette at livet vart til. Heime i lægeret hadde dei gamle snakka om slikt, om det å vera gut og mann. Men alt var annleis no enn når dei eldste snakka om slikt i sin visdom. For dei var det ættene som måtte halda fram etter dei. Men dette – desse eldane i ein – sa dei ingenting om! Han visste ikkje kor lenge han sat med hovudet hennar i fanget og berre venta. Ein gong og to høyrde dei dyr far framom, skremde av den nye lukta som låg over all skogen. Ingen av dei rørte på seg. Stunda var ny liksom, slik natta var det. -Tana! Han visste ikkje om han sa namnet hennar høgt, eller kviskra berre. Men han kjende hjarta hennar kor det dunka i bringa. I han sjølv auka det som til storm. Ho sa meir enn ho sjølv visste, slik ho låg hos han. Ho skulle aldri fara frå han. Kvar dei kom, høyrde ho til i teltet hans. Slik hadde sed og skikk lært dei båe at det skulle vera.

Mykje har altså endra seg sidan den tidlege middelalderen (200-300 talet). Eg synest dette var uendeleg vakkert beskrive. Ikkje noko press eller stress. Berre harmoni og likevekt mellom to som var forelska i kvarandre.

Eg har inntrykk av at seksualiteten no til dags ofte er redusert til noko mekanisk, og utan den elden som Johannes Heggland beskriv. Omtrent som i eit gamalt leksikon, som eg smugkikka i som liten. Der var det reine fakta, men lite spaning å henta.

I mange filmar dreg folk kleda av kvarandre i vill panikk når dei skal ha sex. Forspelet er det sjeldan nokon som legg vekt på. Det ville vel kanskje ha blitt saktefilm, men uansett. Det kan sjå ut som det er heftig sex som er normalen.

Som sjukepleiarstudent tidleg på 90-talet, reagerte eg med stor skepsis då vi blei vist ein seksualopplysningsfilm som var mynta på ungdomsskuleelevar. Det heile var dramatisert av strekfigurar, lite opphissande i seg sjølv, der analsex blei tatt fram som eit eksempel på ein form for samleie.
Etter mitt syn burde ikkje ungdommane ha blitt presentert for dette i ein slik alder. Noko kan dei faktisk finna ut av sjølv. Forventningspresset kan jo ofte bli deretter. Eg anar ikkje korleis det er no, men eg tvilar på undervisninga er mindre utbroderande. No veit uansett ungdommen det meste om det tekniske i rikeleg god tid før dei er lovlege.

Lite og ingenting blir overlete til fantasien. Noko som i seg sjølv kanskje ikkje er så bra. Spaninga blir mindre og dette kan kanskje gjera sitt til at nokon tøyer grensene i håp om å oppnå meir tilfredstilling. Her er eg inne på vel tynn is, men det er vel lov å filosofera.

Seksualundervisninga i skulen er prega av kva kjønnssjukdomar ein kan bli smitta av og kva prevensjon ein kan bruka for å forhindra det. Gjerne påkosta med praktisk trening. Eg har inntrykk av at det er få som fortel om fordelen med å utsetja seksualdebuten.

Det burde ikkje vera slik at det skulle vera naudsynt at jentene må vera overtydlege på sine grenser. Det skulle ha vore heilt sjølvsagt frå begge partar. Sjølv om ein sovnar rusa i same seng betyr det ikkje fritt fram. Impulshandlinga skulle ha vore å halda seg unna, ikkje å ta seg til rette. Dette handlar vel kanskje litt om kva ein blir fóra med i vaken tilstand.

Kanskje det er på tide å ta forspelet og noko av ventetida tilbake? Dette er noko både jenter og gutar ville hatt glede av i lengda. Mykje av opplevinga ligg i å lengta og drøyma om den en er forelska i. Det mystiske og uoppdaga er viktig å ta vare på. Det bør ingen gå glipp av.

dadyr-pa-leite

Dådyr på Leite i Kvinnherad

 

saeroppgave-om-johannes-heggland
Avslutning på særoppgåva frå 1988
  • knut riis

    Viktig og fin observasjon. Seksualiseringen i samfunnet er igrunnen mest trist. Liberalisme og frigjøring har tatt bort mye av det du snakker om. Fin historie. Det er klart at hvis alle har ligget med alle og eksperimentert med diverse råd de fant på internett samt filmet det hele, og lagt det ut på internett – så er mye av mystikken borte. Uff ja, den utviklingen. Den neste generasjonen har lært forskjellen på virkelighet og internett – tror jeg. Alt de trenger en en frodig vårskog.

    • Øygunn Leite Kallevik

      Takk. Dette innlegget trudde eg ikkje at nokon normale folk (dvs ikkje nettroll) kom til å våga å kommentera, så ti poeng til deg. Det er mykje snakk om utruskap for tida. Eg trur nok terskelen er lavare dersom ein ikkje har trent på å venta. Men, eg ser få som diskuterer korleis ein kan forebyggja heilt frå ungane blir ungdom.

%d bloggers like this: