Taco i mørket

Eg er diverre typen som ikkje klarer å la vera å prøva nye ting. Her ein dag kom eg over kjøttdeig med 20% grønsaker. Etter litt nøling slo eg til og tenkte at grønnsakene kunne sikkert tacoen klara å kamuflera. Det såg jo sunt og lurt ut. Det første som skjedde var at mannen kom forbi før eg hadde fått i tacokrydderet. Han lurte på kva DET var. Og om ein strekkjer det litt langt så er vel dei fleste krydder laga av grøne ting? Så eg sa det var ein ny type kjøttdeig med krydder.

Tacokrydderet ville heller ikkje skjula innhaldet merkverdig, så eg kom på den lure planen å laga det koseleg med sterainlys og greier.
Tanken var at ungane ikkje villa merka noko. Men, den gong ei.  For ein gongs skuld blei det rikeleg  kjøttdeig.

Så eg kan berre åtvara. Dette produktet bør du i tilfelle prøva ein dag du er åleine og berre er sånn passa svolten. Til orientering så åt ikkje hønene det heller. Det er ikkje mykje dei legg igjen etter seg for å seia det slik.

kjottdeig-med-gronnsaker

%d bloggers like this: