Granula – betre enn sukkerfrukostblanding

Eg har gått over til heimelaga granula etter å ha ete mi faste frukostblanding i sikkert 10 år. Det viser seg at den inneheld 16% sukkergreier. Det er vel ikkje bra i lengda, og i alle fall ikkje for middelaldrane kvinner som meg, som ikkje klarer å halda seg unna andre søtsaker heller.

Her er inspirasjonen henta frå Trines matblogg. Etter å ha ete denne ei stund er det nesten vondt når eg går tom og må eta den vanlege «sukkerblandinga».

Ingrediensar

Det tørre

6 dl havregryn
1 dl mandlar
1 dl knuste linfrø (knus dei i ein blendar), altfor dyre å kjøpa ferdig knust
1 dl graskarkjernar
1 dl solsikkekjernar
1 dl knuste valnøtter

Det våte

1,5  ss smør
1 ss honning, gjerne flytande
1 dl eplejuice
1/2 ts maldonsalt
1 ss brunt sukker

Granula ingrediensar

Granula ingrediensar

Framgangsmåte

  • Hakk valnøtter
  • Bland det tørre
  • Varm opp smør, honning, eplejuice, salt og sukker og rør til alt sukker og smør har smelta.
  • Slå det våte oppi det tørre og rør godt
  • Fordel på bakepapir i ei stor langpanne
  • Steik på 140°C på midtre rille i til saman ca. 45 min.
  • Rør litt rundt ca. kvart 10. min
  • Blandinga er klar når den har blitt litt brunlig
  • Avkjøl og hell blandinga på ein fin boks

Eg et berre dette så lenge eg har banan i hus. Ein banan i skiver med frukostblanding og melk.

Då er dagen berga!

%d bloggers like this: