Eg nemner ikkje namn

Eg kom til å tenkja på noko her ein dag. Kan henda vi blir lurt heile gjengen. Lurt til å bli hissig på noko som er regissert. Eg likar ikkje å bli lurt.

Vi får litt tilbake i tid:

Eg tykkjer det er skummelt når nokon brukar sveisen for å få merksemd. Som har god råd til å gå til frisøren, men brukar slaskehår som eit middel. Middel til å lura folk i fella. Som latar som ein er slem for å lura. Som viser seg å vera mindre slem. Som likevel ikkje vil kasta nokon i fengsel sjølv om dei sender e-post.

Taktikken virka. Sjølv om eg følgde minst mogeleg med på kva som skjedde over there, visste eg kva mannen med håret meinte. Men, lite kva ho med lungebetennelse hadde føre seg. Berre at ho virka eit hakk meir danna og at ho allereie hadde erfaring med gongane i det kvite huset.

Eg ser liknande tilfelle i Tigerstaden. Ei kvinne som rek rundt med politiet. For å hissa oss på seg. Eg nemner ikkje namn. Det er visse namn som er oppbrukt.

Eg kom på ein eg kan nemna namn på:

Jesus! Ein gong ville hylekoret steina ei horete kvinne. Jesus bøygde seg ned og skreiv i sanden då dei lurte på kva han meinte. Dei gav seg ikkje: Han sa noko klokt, og fortsette å skriva i sanden til stormen var over. Hylekoret blei oversett. Neglisjert til det forsvann.
Joh. 8.1-11

Vi møter galskap med merksemd. Galskap bør teiast i hel. Ikkje klikkast på. Ikkje delast. Ikkje lagast aksjonar imot. Nokon som likar galskapen kan få fyr på bålet og få med seg fleire galne. Det finnest sikkert mange som synest synd på ei sterk, vakker kvinner fordi dei ikkje kan forstå at akkurat ei kvinne kan tola så mykje motstand og hets. Sjølv om det er heilt bereknande.

Ungane har det vondt. Og det er snart advent. På tide å ikkje nemna feil namn. Uansett vinkling.

 

%d bloggers like this: