Lær glosene med lotto

Tysk – det får fram ein del kjensler i meg. Dei fleste går tilbake til vidaregåande.

Her ein dag møtte eg på tysklæraren min på vei frå jobb til toget på min bærbare sykkel.
Eg hadde ikkje sett henne sidan 1988. Det skal svært mykje til før eg stoppar sykkelen på vei til toget, då eg stort sett har eit minutt å gå på. Trur knapt eg hadde stoppa for kongen. Eg har treft Sponheim nokre gongar, det er vel det næraste eg har vore kongen i grunn.
Men, denne gongen blei eg heilt overvelda.
Eg bråstoppa, hoppa av sykkelen og ropte «Sabine» og ga henne ein klem, utan tanke på om ho hugsa meg igjen etter snart 30 år.
Eg er litt usikker på om det var eit godt teikn at ho faktisk hugsa meg. Ho var heilt lik, godt å vita at kanskje ikkje eg heller har blitt så mykje eldre sidan vidaregåande.

Eg hadde høyrt at ho hadde flykta attende til Tyskland etter å ha avslutta vår klasse. Det var nemleg litt av kvart som gjekk føre seg på 80-talet.
Ho fekk til dømes putta ein dings oppi eksosrøyret på bilen, noko som gjorde at røyret oppførte seg som ein kanarifugl i brunst.
Eg trur dingsen var laga til dette formålet, men den var sikkert mynta på russ eller liknande.
Han som no er min mann, var sterkt innblanda i episoden, og han fekk vita eit par år seinare at dei tilsette på den lokale verkstaden hadde fått seg ein god latter.

Uansett: No har eine jentungen tysk på ungdomsskulen. Eg jobbar med nokre tyskarar og eg kunne godt tenkt meg å kunne slå av eit par gloser med dei.

Då kan det vera greitt å hiva seg på ungdommen.

Eg er ikkje den mest tolmodige typen, verken når det gjeld brettspel eller leksehøyring.

Men, no har vi testa ute ein glitrande metode for å læra litt gloser og uttrykk:

Ho har laga lottolappar av glosene.

Framgangsmåte for deg som ikkje kan lotto:

  • Klipp opp lappar i lik storleik
  • Skriv norsk versjon på ein lapp og tysk på ein annan.
  • Bland lappane og snu dei med den blanke sida opp.
  • I staden for å finna to ulike dyr skal du finna to ord som høyrer saman.
  • Den eine startar med å snu to lappar. Dersom dei ikkje høyrer saman, er de neste mann sin tur.
  • Motparten må få sjå kva som står på lappane før dei blir snudd tilbake med den blanke sida opp.
  • Dersom ein deltakar finn to lappar som høyrer saman, kan han trekkja to nye til han finn to som ikkje høyrer saman.
  • Den som har flest «par» er vinnar.

Då slår vi to fluger i ein smekk: Speling og læring.

I tilfelle fleire kjedar seg med leksene:)

hanen-snusken
Hanen min «Snusken» er det næraste eg kom ein kanarifugl
%d bloggers like this: