Eksamen bør du kanskje ta i Oslo og ikkje i Hordaland?

Er det heilt greitt at det er tilrettelagt for elektroniske hjelpemiddel på eksamen i Oslo og ikkje tilsvarande i Hordaland?
Etter å hatt kontakt med diverse styrande instansar, sit eg att som eit måpande spørsmålsteikn. Mitt utgangspunkt var elektronisk ordbok for bokmål og nynorsk.
Det viser seg at privatistar i Bergen ikkje har tilgang til elektroniske hjelpemiddel i andre fag heller. Oslo tilbyr Lexin-ordbøker, Språkrådet sine ordbøker og Store norske leksikon til sine privatistar.

Eg har ein defekt – eg kan ikkje tola når eit system ikkje fungerer optimalt. Enten det gjeld det eine eller det andre systemet, smått eller stort. Og eg klarer heller ikkje å la vera å prøva å endra det.

Denne gongen gjeld det bruk av elektronisk ordbok på skriftleg eksamen i nynorsk, vidaregåande skule. Eg hadde den ære å få spørsmål av ein ung mann om eg kunne hjelpa han eit par timar i forkant av ein slik eksamen.
Han ville prøva å forbetra karakteren og skulle ta eksamen som privatist.
Eit slikt høve er vanskeleg å la gå frå seg. Som eg har skrive om før i Er det mogeleg å temje det nynorske trollet? blei eg på eit kurs vist ei fabelaktig elektronisk ordbok.
Eg prøvde å vidareformidla bruken av denne ordboka til min unge venn. Det beste var at denne kunne brukast på eksamen. Det fann vi tilfeldigvis ut då vi var inne på Språkrådet sine nettsider.
Dette var publisert for snart to år sidan så eg rekna så smått med at det var på plass.

Bruk Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett til eksamen

(3.2.15) Ei ny og enkel ordning gjer det mogleg å bruke Bokmålsordboka og Nynorskordboka til eksamen og heildagsprøver i skulen.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka er gratis tilgjengelege på Internett. Dei to ordbøkene viser gjeldande offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk, der oppslaga inneheld definisjonar, brukseksempel og bøyingsopplysningar. Ordbøkene er utarbeidde ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Mykje brukte

Ei fersk undersøking om bruk av digitale ordbøker i skulen, viser at Bokmålsordboka og Nynorskordboka er mykje brukte i ordinær undervisning i skulen, både av elevar og lærarar.

Slik gjer du det

Gjennom ei eiga ordning kan dei to ordbøkene no nyttast ved eksamen, tentamen eller andre prøver der elevane ikkje skal ha tilgang til Internett. Ordbøkene, www.nob-ordbok.uio.no, har eit eige IP-nummer, og frå datamaskinar med eksamensnett er det enkelt å nytte ordbøkene òg utanom ordinær undervisning.

IP-nummer til ordbøkene: 129.177.6.49

På eksamensdagen viste det seg at det ikkje var mogeleg for min unge venn å bruka den elektroniske ordboka!

Er det rart det er krig eller dårleg språk i verda?

Eg tok grep og ringte til eksamenskontoret ved Hordaland for å høyra korleis det sto til.

Eg trefte på ein svært imøtekomande seniorrådgivande mann, som blei enno meir imøtekommande då eg tok til å sjekka kvaliteten på 50 kulepennar som tilfeldigvis låg i ei korg på bordet.
«Eg høyrer du skriv», seier han etter ei stund. Eg måtte le høgt då eg absolutt ikkje skreiv ein ting.
Det er berre enklare å høyra etter når eg samtidig gjer noko hjernedødt samtidig. For å sjekka om pennane verkeleg virka, måtte eg ta litt hardt i, og då kunne eg nok virka litt aggressiv.

Uansett: Han viste til Utdanningsdirektoratet sitt regelverk rundt gjennomføring av eksamen.
For at eg ikkje skal feilsitera han, har eg fått den hans skriftelege vurdering av dette regelverket:

Vurdering frå eksamenskontoret i Hordaland:

Du finner reglene om hjelpemiddel på eksamen på http://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/administrere-eksamen/#hjelpemidler. Her heter det blant annet «Skolene kan velge å la elevene benytte nettbaserte hjelpemidler under modell 1 og modell 2, del 2. Dette gjelder kun dersom skolene er i stand til å isolere de aktuelle IP-adressene.» Utdanningsdirektoratet har lagt ut informasjon om hvorfor åpnet for nettbasert hjelpemidler på http://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/hvorfor-har-vi-apnet-for-nettbaserte-hjelpemidler-til-eksamen/ og skriver der «Det er skolene selv som velger hvordan de vil organisere opplæringen og hvilke læremidler og ressurser de ønsker å benytte. Det vil med andre ord være en del variasjon i hvilke hjelpemidler elevene er kjent med, og som dermed er aktuelle og relevante for dem på eksamen.» og «Det følger derfor at skolen/skoleeier må velge ut hvilke nettbaserte hjelpemidler som tillates til eksamen i dialog med skolen og lærerne, og skje på et faglig grunnlag.»

Ordningen med tilgang til hjelpemidler på nett er knyttet til den undervisningen elevene har fått. Det er for eksempel naturlig at elever som gjennom skoleåret har vært vant til å bruke lovdata, vil ha en ulempe dersom de må gjøre seg kjent med en papirbasert lovsamling for å ta eksamen.

Privatister får ikke opplæring. De er selv ansvarlige for å forberede seg til eksamen. Det vil være umulig for oss å legge til rette for at hver enkel privatist skal kunne bruke de hjelpemidlene han/hun ønsker på eksamen, blant annet fordi det er et krav at vi skal kunne isolere IP-adressene til nettstedene, og nettstedene ikke skal tillate kommunikasjon. I informasjonsdelen til eksamensoppgavene finner vi f eks følgende om hjelpemidler:

«Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon. For norsk, samisk og framandspråka er heller ikkje omsetjingsprogram tillatne.
Ved bruk av nettbaserte hjelpemiddel er det viktig å kontrollere at kandidatane ikkje kan kommunisere med andre (dvs. samskriving, chat, alle moglegheiter for å utveksle informasjon med andre) under eksamen

Kandidatene har altså ikke en ubetinget rett til å bruke nettbaserte hjelpemidler. Retten er knyttet til skolens undervisning, og skolens ansvar for at hjelpemidlene ikke bryter reglene for kommunikasjon med andre.

Vi har valgt å ikke tillate bruk av internett under eksamen. Informasjon om dette er tilgjengelige på nettsidene våre, og privatistene har selv et ansvar for å gjøre seg kjent med denne informasjonen.

Vi regner med at eksamensformen vil endre seg i mange fag i løpet av de neste årene. Dette kan selvsagt føre til at reglene for nettbruk må endres, også for privatister.

Det finnes forlag som har utviklet nedlastbare ordbøker som kan brukes uten nettilgang. Hvorfor Språkrådet ikke har valgt denne løsningen, må de selv svare på.

Frå nettsidene til privatisteksamen Oslo kommune:

I eksamenslokalet får du nettilgang til

I Oslo får du med andre ord tilgang til Språkrådet sine ordbøker under eksamen.

Det same gjeld i Akershus Fylkeskommune etter at eg tok ein rask sjekk med dei.

Vurdering av regeleverket frå rådgjevar i Språkrådet:

Det stemmer at elevar som skal ha skriftleg eksamen i norsk i den vidaregåande skolen, kan risikere forskjellsbehandling etter kva fylkeskommune dei er knytte til. Utdanningsdirektoratet grunngir regelverket sitt på denne sida:

http://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/hvorfor-har-vi-apnet-for-nettbaserte-hjelpemidler-til-eksamen/

Her står mellom anna:

«Skolene kan selv velge å la elevene benytte nettbaserte forberedelsedeler, læringsressurser, oppslagsverk eller ordbøker også under eksamen. Dette gjelder kun dersom skolene er i stand til å isolere de aktuelle IP-adressene.»

Under står følgande presisering:

«Det er fortsatt slik at det er det lokale nivået som har ansvaret for gjennomføringen av eksamen, og som dermed setter rammer og begrensninger for hvilke hjelpemidler elevene kan bruke, samtidig som skolen ivaretar sikkerheten under eksamen.»

Regelverket ser dermed ut til å vere ope for tolking til ein viss grad. Det overordna punktet er at elevane ikkje skal ha open tilgang til Internett. Mi tolking er at skolane kan leggje til rette for ordningar der det er mogleg å bruke nettordbøker utan generell tilgang til nettet, men at dei ikkje er forplikta til det. Eg har snakka med folk i Norsk Lektorlag som deler denne tolkinga. Fylkeskommunar kan ha kjøpt tilgang til spesielle digitale ordbøker, og vil kanskje forlange at elevane eventuelt får nytte seg av dei til eksamen. Då vil dei truleg vere mindre viljuge til å leggje til rette for t.d. Nynorskordboka på nett.

Språkrådet har til oppgåve å godkjenne ordlister og ordbøker til bruk i skolen gjennom ei spesiell ordning, men det er andre som fastset regelverket for korleis desse ressursane kan brukast til eksamen. Dette er i alle fall vår forståing av regelverket slik det er mogleg å lese det på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Undervisningsdepartementet

Ein rådgjevar ved Undervisningsdepartementet bekrefta at det er opp til skuleeigar å vurdera kva elektroniske hjelpemiddel som skal vera tilgjengeleg ved eksamen.

  • hjelpemiddelet kan naturleg nok ikkje ha innebygd chattefunksjon
  • hjelpemiddelet kan ikkje ha oversetjingsfunksjon
  • IP-adressa må kunne isolerast slik at ein ikkje treng tilgang til vanleg internett

Slik eg vurderer det er det opp til skuleeigarar  rundt om i landet å ta eit par grep. I alle fall om dei ikkje ynskjer å ha eit dårlegare tilbod enn Oslo.
Dei er i sin fulle rett til å halda seg til papirversjonen, men kven vinn på det? Det har i alle fall eg store problem med å forstå.

Som ferdigutdanna, og slik sett habil, hadde eg faktisk forventa at det var sett større einsretta krav til kva skulane skulle tilby innan elektroniske hjelpemiddel ved eksamen.
Det kunne kanskje ha heva kvaliteten eit lite hakk på det som blir levert. Spesielt med tanke på nynorsk.
Eg reknar med at det er fleire grunnar til at dette ikkje er lagt til rette for. Til dømes er det ikkje alltid overflod av IT-ressursar i det offentlege.
Dersom problemet ligg på det området, bør kanskje nokon skrika høgt.

No har eg berre tatt for meg privatistane. Korleis det ligg an med dei ordinære skulane tør eg ikkje å tenkja på.

 

Rundkøyring på Husnes i Kvinnherad

Oppdatering: Bergens Tidene synest også at dette er merkeleg; Eksamen bør du kanskje ta i Oslo

  • FORSKJELLSBEHANDLAR: I Bergen er det opp til kvar enkelt skule å bestemme kva hjelpemiddel som er tillate på eksamen. I Oslo legg fylkeskommunen opp til at elevane får bruke både elektronisk leksikon og ordbok. FOTO: MARIE HAVNEN

– Eksamen bør du kanskje ta i Oslo

I Oslo legg ein til rette for bruk av elektroniske hjelpemiddel på eksamen, medan det i Hordaland er opp til kvar enkelt skule. – Urettferdig, seier Øygunn Leite Kallevik.

Det seier Øygunn Leite Kallevik om blogginnlegget der ho «oppfordrar» bergensarane å ta eksamen i Oslo i staden for Bergen, på grunn av forskjellsbehandling.

For ei tid tilbake blei Kallevik spurt om ho kunne hjelpe ein ung mann med å forbetre nynorsken sin fram mot eksamen.

– Sjølvsagt kunne eg det, tenkte eg, og viste han korleis han kunne bruke dei elektroniske ordbøkene på internett. Klarer ein å bøye verba rett og med riktige endingar, er ein på god veg, seier Kallevik.

Mannen ønskte å forbetre karakteren sin og skulle ta eksamen som privatist. På Språkrådet sin nettstad stod det at deira elektroniske ordbok kunne brukast på eksamen.

– På eksamensdagen viste det seg at det ikkje var mogeleg for min unge venn å bruke den elektroniske ordboka, fortel Kallevik tydleg oppgitt.

Forskjellsbehandlar privatisane

Kallevik ringde då eksamenskontoret ved fylkeskommunen. Dei kunne opplyse at privatistane i Bergen ikkje har tilgang på elektroniske hjelpemiddel – verken på norskeksamen eller i andre fag.

– Eg ringde og spurde både Oslo og Akershus fylkeskommune om kva dei tilbyr sine privatistar. Tek ein opp eksamen på andre sida av fjellet får ein altså bruke både Lexin-ordbøker, Språkrådet si ordbok og Store norske leksikon, seier Kallevik og legg ikkje skjul på at ho syns dette er forskjellsbehandling.

FORDEL I HOVUDSTADEN: – Det er veldig spesielt at ein skal bli forskjellsbahandla etter kva fylke ein tilhøyrer. Ein skal jo søke med dei samme karakterane, seier bloggar Øygunn Leite Kallevik.
PRIVAT

På Utdanningsdirektoratet sine heimesider står det at elevar som skal ha skriftleg eksamen i norsk i den vidaregåande skulen, kan risikere å bli forskjellsbehandla etter kva fylkeskommune dei er knytt til.

Det er nemleg opp til skulane sjølv å bestemme om elevane kan nytte nettbaserte læringsressursar, oppslagsverk eller ordbøker.

– Så lenge skulane klarer å isolere dei aktuelle IP-adressene er det altså skulane som legg opp til kva hjelpemiddel elevane får bruke, seier Kallevik.

– Alle får altså utlevert den same eksamenen, men har ikkje like føresetnader.

– Ikkje rart ein gruar seg

– Slik eg ser det er det på tide at skuleeigarar rundt om i landet tek eit par grep. I alle fall om dei ikkje ønskjer å ha eit dårlegare tilbod enn i Oslo, seier Kallevik.

Hun syns det er forståeleg at folk gruar seg til sidemål-eksamen dersom ein ikkje får bruke digital ordbok.

– Det tek mykje lenger tid å slå opp i ei bok. Dessutan er det urettferdig at nokre skal ha fleire fordelar enn andre, når ein trass alt skal konkurrere med dei same karakterane når ein søkjer høgare utdanning.

Lokalt ansvar

– Den praktiske gjennomføringa av eksamen er eit lokalt ansvar. Om skuleeigar vel å gi tilgang til nettbaserte hjelpemiddel, har skuleeigar ansvar for at hjelpemidla verkar og at reglane for hjelpemiddelbruk blir overheldt, skriv Siglinde Svare, som er konstituert leiar ved opplæringsavdelinga/eksamenskontoret i Hordaland fylkeskommune i ein e-post.

Svare forklarar at praktisk gjennomføring av privatisteksamen blir løyst ulikt frå fylke til fylke.

– Hordaland har hittil vurdert det slik at det ikkje har vore praktisk og teknisk forsvarleg for oss å opne for nettbaserte hjelpemiddel under privatisteksamen. Følgjeleg har ingen privatistar i Hordaland fått tilgang til nettbaserte hjelpemiddel. Vi vurderer tilgang til nettbaserte hjelpemiddel på nytt før kvar eksamensperiode, skriv Svare.

Ho skriv avslutningsvis at eksamenskontoret hittil ikkje har fått reaksjonar på at nettbaserte hjelpemiddel ikkje er tilgjengelege under eksamen.

Ikkje planar om endring

Etter gjennomføringa av eksamen våren 2015 kom det tydeleg fram at ein del elevar opplevde det som urettferdig at ulike skular i ulik grad tillot nettbaserte hjelpemiddel.

– Vi har hatt dialog med fylkeskommunane om dette. No praktiserast dette mykje meir likt mellom skulane innanfor kvart fylke, seier avdelingsdirektør Hedda B. Huse i Utdanningsdirektoratet.

Ho seier det fortsett kan variere frå fylke til fylke kva som er tillate.

– Får ikkje elevar som kan bruke elektroniske ordbøker ein fordel i forhold til elevar som ikkje får lov til det?

– Vi har ikkje samanlikna papirbaserte og nettbaserte ordbøker, så det er vanskeleg å uttale seg om, seier Huse.

– Er det rettferdig for elevane at dette praktiseras ulikt etter kva for eit fylke ein tar eksamen i?

– Vi har tillit til at skulane og skuleeigar gjer gode vurderingar av kva for hjelpemiddel som er relevante for elevane.

Huse seier det er kome «svært få» reaksjonar på ulik praksis under årets eksamenar.

– Så vidt vi veit, gjør privatistkontorane det på noko ulikt vis, nokon tilbyr same hjelpemiddel som skulane i fylket, andre gjer det ikkje.

– Vi har løpande dialog med både departementet og fylkeskommunane, men vi har ingen planar om å flytte det lokale ansvaret for hjelpemiddel under eksamen, bort frå det lokale nivået.

 

%d bloggers like this: