Ingen Gud utan jomfrufødsel

Fødselskirken i Betlehem april 2012 – der ein trur at Jesus har blitt født.

Eg har tenkt på det. Den heilage ande tok ansvar for å befrukta Maria i følge Bibelen. Når eg ser på alt rundt meg som Gud har skapt, synest eg ikkje dette skil seg ut som noko stor sak.
Eg har alltid tatt juleevangeliet bokstavleg. Trudd på det som står skrive. Det tok lengre tid før eg blei overtydd om korleis eit allminneleg barn blei til. Sjølv om det etter burde bli sett som langt meir eventyrleg og ikkje minst komplisert.
At Gud hadde ein annan vri på befruktinga den eine gongen skulle vel berre mangla.

Mange har prøvd å bli Gud. For mange. Ingen har har klart det til no.

Jesus – eg hadde ikkje fått meg til å tilbe han om han var eit vanleg menneske. Kvifor skulle eg det, eg trur jo ikkje på eventyr.

Ingen jomfrufødsel – ingen engel (det er vel ikkje enklare å tru på at det kom ein engel enn at Maria var jomfru) – intet juleevangelium – ingen jul.

Slik er min enkle logikk. For meg gjeld alt eller ingenting. Eg feirar jul med glede.

Ein stall i Betlehem 2012
Ein stall i Betlehem 2012
%d bloggers like this: