Kanskje vismennene var betre før?

Ein steinbukk i Genevørkenen i Israel. Foto: Kjetil Kallevik

 

Verken historie eller geografi har vore mine sterke sider. Då eg var yngre og høyrde om vismenn, som kom frå Austerland, sa det meg i grunn ikkje så mykje. Eg såg berre for meg nokre eksotiske menn med turban og fargerike drakter, som tok seg ein rask ridetur til stallen. Eg tenkte absolutt ikkje over at det kunne vera 3-4 månadars reise frå Austerland til Betlehem på ein god kamel. Men, no har eg tenkt. Dette måtte planleggjast. Og det skulle nok litt til for at dei skulle ta turen.

Matt. 2. 1-6
1  Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes» dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem 2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» 3Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. 4Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. 5 «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

6  Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»

På dei tider då Jesus blei fødd var visemenn opptekne med profetiar frå Det gamle testamentet. Det same var Herodes. Dei studerte i detalj det som sto skrive. Om ein stor og mektig konge som skulle koma. Det var ganske mykje som skulle klaffa for at alle profetiane skulle gå i oppfylling. Dei blei skrivne over fleire tusen år, og naturleg nok av ulike personar. Å prøva å treffa på alle dei punkta som måtte stemma er ikkje mogeleg for andre enn Gud. Det var tydeleg at det var heilt vanleg å tru at dette skulle skje når tida var inne.

Det var mykje uro blant jødane på denne tida og dei var desperate etter å få ein konge som kunne redda dei frå undertrykking frå romarane. Samtidig var kong Herodes redd for at dei skulle gjera opprør og ta frå han makta. Det var nok ein av grunnane til at han tok livet av alle gutebarn under to år i Betlehem og byane omkring, då dei vise mennene stakk av utan å fortelja han kor barnet var. Han ville behalda makta sjølv og var absolutt ikkje interessert i å dela den med ein ny konge. Gud hadde heldigvis sendt Maria, Josef og Jesusbarnet på flukt til Egypt for å unngå romarane sine fryktelege sverd.

Eg blir fasinert over at Gud har ein langsiktig plan og at det ikkje er mogeleg å sleppa unna den. Det er det nok fleire enn Herodes som har fått erfara.

Ei god kvinne eg kjenner har som sitt faste bordvers: «Gud signe maten og dei tre vise menn».  Det er i grunn ein fin tanke.

 

Kamel i beduinleir, Israel 2012.      Foto: Kjetil Kallevik

 

Genevørkenen, Israel 2012   Foto: Kjetil Kallevik
%d bloggers like this: