Eit urørt år er snart klart til å bli tatt i bruk

Foto over: Julekonsert med koret Amazing i Arna kyrkje 2016

Det er ikkje alltid jula blir slik ein har planlagt. Enkelte gonger opplever ein ting som gjer at det er det viktige med jula som blir det viktigaste. Pakkar, stress og julekaker blir nedgradert til noko ein betraktar på avstand, og utan særleg innleving eller omtanke. Julestemning blir uvesentleg. Livet blir til å ta og kjenna på. Mindre abstrakt, følbart heilt inn til margen.

Familie og samhald blir avgjerande og innhaldet i jula blir tydlegare. Meininga med livet blir klårare, sjølv om ikkje alt vi opplever gir meining i seg sjølv.

I år passa det glimrande at eg tok til å tenkja på jul i slutten av august. Ikkje på det praktiske, men på jul. Mest på Maria.
Ho har blitt meir levande for meg i år. Juleevangeliet har på eit vis transformert seg som eit glansbilete som har begynt å lea på seg. Der glitteret har letta på sløret og det ekte begynte å visa seg for meg.

Maria prøvde kanskje å overtyda foreldra om at ho hadde sett ein engel. Ikkje heilt utenkjeleg at det kunne vera krevjande.
Ho var rundt 15 år og var lova bort til Josef. Ein mann som ho truleg ikkje kjende så godt. Ho var nok smerteleg klar over at ho kunne risikera å bli steina for sin graviditet utanfor ekteskapet.

Kanskje ikkje så rart at ho hasta av garde til søskenbarnet Elisabet, som engelen hadde beskrive ved sitt korte besøk. Eg har ikkje tenkt så nøye over det før. Men, dette var noko av det første Maria gjorde etter at engelen hadde vist seg for henne. Ho la ut på fleire dagars reise til ein by som heiter Ein Karem. 15 mil var på eit vis lengre då enn no. Enten ferda arta seg på den eine eller den andre måten. Her fekk ho nok eit forklaringsproblem. Kva grunn hadde ho til å dra ut på ei slik reise? Det var sikkert ein del arbeid som skulle gjerast heime av ei jente på hennar alder. Det er lett å gløyme at tidene har forandra seg. Kanskje nokon meinte at ho heller burde laga seg klar til giftarmål med Josef?
Maria hadde kanskje ei trong til å studera med eigne auge det engelen hadde røpt; at den aldrande slektningen også var gravid på mirakuløst vis. Det hadde kanskje vore meir urovekkjande om Elisabet var like ufruktbar som ho alltid hadde vore.
Ho opplevde å få selskap av ei kvinne med svulmande mage og sterk gudstru.

Då Maria hadde omlag seks månadar att av svangerskapet, snudde ho heimover igjen.
Det var nok ikkje heilt rett fram å overtyda familie og vener om kor magen kom ifrå.
Heldigvis fekk Josef litt hjelp frå oven og tok henne til heim til seg.

Lukas 1

26Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31   Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,

og du skal gje han namnet Jesus.

32  Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.

Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33   Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,

og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.

Difor skal òg barnet som blir fødd,

vera heilagt og kallast Guds Son.

36Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

Eg ser tilbake på 2016 med glede og ein del sorg. Det er eg garantert ikkje åleine om. Eg kan nesten ikkje venta med å starta på eit heilt urørt år. Juleevangeliet skal eg grunna vidare på i 2017.

Velsigna godt år til kvar og ein som tek seg tid til å lesa det eg skriv ❤️

Tungelandsvatnet i Arna desember 2016
%d bloggers like this: