Kva driv vi med eigentleg?

Ting skjer.

Eg prøver å lesa ei bok av Einar Økland. Sykling i søvne. Kom til side ni. Blei for inspirert til å lesa vidare.

Nokon er glade – andre er lei seg

Nokon jublar når det smell – andre lurer på om deira siste time er komen av liknande smell
Nokon fyrer av ein dynamittkubbe og ligg brannskadd på Haukeland – andre sjekkar om dei fortsatt har syn
Nokon mottar all den medisinske hjelp dei kan få – andre lurer på når sjukehuset blir bomba
Eg undrar meg på om fyrverkeri er oppskrytt

Nokon sprengjer seg sjølv i Tyrkia for å sikra seg ein plass i Paradis – andre blir sprengt og hamnar i himmelen
Eg tenkjer at livet er midlertidig

Nokon sørgjer over eit barn dei mista – andre lengtar etter eit barn som ikkje er født

Nokon ligg fastspent i belte på psykiatrisk avdeling – andre aukar heller medisindosen i tilfelle nokon vil studera tvangsstatestikken
Nokon blir psykotiske av medisinar som skal hjelpa mot psykose – andre gløymer at det kan vera ein biverknad
Eg tenkjer at dette bør gravast meir i

Nokon kranglar om oppvasken – andre har ingenting å vaska opp

Nokon saknar ungane som er hos mora – andre saknar ungane som er hos faren

Nokon lurer på om dei får vener i år – andre synest det er trist, men har ikkje overskot til fleire vener

Nokon spyr og har feber, og synest synd på seg sjølv – andre spyr av cellegift og skal døy

Nokon hatar seg sjølv – andre elskar seg sjølv høgast
Eg tenkjer at det blir seld for mange lausvipper

Nokon sit på torget og tiggar, med eller utan bakmann – andre lurer på om dei støttar bakmenn

Nokon burde læra seg å sei: -Kan du tilgje meg?
Eg har erfart at det er framtidsretta

Nokon tenkjer på mat fordi dei ikkje har det – andre tenkjer på  mat fordi dei ikkje har noko anna å gjera
Eg tenkjer vi må eta meir fisk, kanskje mindre farleg laks

Nokon synest at regn er fint så lenge ein kan gå under tak – andre klagar på regnet som om det skulle vera alvorleg

Nokon vurderer å hoppa utanfor ei bru – andre gjer det
Nokon ringjer ned Røde Kors sin nødtelefon
Eg tenkjer det er fint at nokon maktar å ta den

Nokon er natteramn dag og natt og lagar seg ei bule på Lone
Eg tenkjer at det er interessant

Nokon skiftar namn på butikkjeda – avisene er nysgjerrige
Eg drit i begge deler

Nokon sit i fengsel og lurer på korleis dei hamna der – andre påstår at folk har det for godt i fengsel

Nokon lurer på om dei fortsett vil ha jobb i år –  andre funderer på kven dei skal sei opp

Nokon heiter Sophie Elise og er mektig
Eg har lese boka hennar og konkluderer med at er mykje som kan seiast om den

Nokon skiftar sengetøy på andre sine senger – andre rotar på hotellet fordi dei har betalt så mykje for å bu der
Nokon får vondt i ryggen å av å reia opp andre sine senger

Hotellseng i Oslo

Nokon vaskar golv og blir gjennomsiktige – andre ser og klagar over eit bosspann som ikkje er tømt

Nokon prøver å varsla om uetiske tilhøve – andre gjer kva dei kan for å dekkja over det

Nokon ber til Gud, andre forbannar han

Nokon sjekkar aktivitetsuret sitt for skritt
Eg sjekkar om eg har sove nok

Flesteparten av oss sit på Facebook og blir fóra med nyheiter vi vanlegvis likar
Eg trivest best med stoff eg slepp å lika

Nokon tenkjer at avisene har mista makta si
Eg håpar at bnokon kan spekulera ut ein betre måte å få tilgang til avisartiklar på – fort

Nokon uroar seg over at det blir spelt for lite brettspel – andre lurer på kor alle brettspela kan lagrast

Nokon trur dei kan køyra bil og krasjar og døyr – andre sit att og er lei seg resten av sitt liv

Nokon er fosterbarn og lurer på om dei er ønska – andre tek seg av dei og bør beundrast

Nokon blir sendt på hovudet ut av landet – andre lurer på kven dei snart kan senda på hovudet ut av landet
Nokon er lei av å gå på jobb – andre får ikkje jobb fordi dei er i feil land
Nokon fryktar innvandring – andre fyktar dei som fryktar innvandring

Nokon prioriterer diskusjonar rundt Deilig er jorda på skulegudstenester – andre prioriterer å gispa etter luft i middelhavet
Nokon kosar seg i dobbelseng – andre ligg stabla i eit iskaldt telt

Nokon steikjer seg på ei solseng utan solkrem – andre er avhengige av å selja parasollar

Stikovica Kroatia

Nokon synest tida går for fort – andre kjedar vitet av seg

Nokon har ikkje hage, andre lurer på om plenen snart må klyppast, og om kloden har gått berserk

Nokon har for mykje makt og elskar russarar som elskar bomber – andre er russarar og er med på å bestemma kven som har makt
Eg ventar på å bli hacka

Nokon ligg med øyreproppar på ein benk på eit treningssenter – andre ser ikkje poenget
Nokon er 40 år og har begynt å jogga –  andre er 40 år og har slutta å jogga
Eg er glad for at eg får gangsperr av samanleggbar elsykkel. Det gir eit visst håp.

 

Bilete i eit skur i Baroniet i Rosendal

2017 – Bring it on! Her kan alt skje.

 

%d bloggers like this: