Eg har alltid vore glad i prestar

Eit lite innlegg i BT 19. januar:)

http://www.bt.no/btmeninger/debatt/Eg-har-alltid-vore-glad-i-prestar-330326b.html

For dei som ikkje har tilgang:

I ein leiar 28. januar skriv BT: «Gud ut av Grunnloven». Eg har måtta grunna litt på denne. For kva tenkte dei på, desse 112 unge mennene som kom opp med Grunnlova? Deriblant 57 embetsmenn inkludert fleire prestar, og 37 bønder. Kva fekk dei til å stille krav til kongen om at han skulle tvingast til å vedkjenne seg den evangelisk-lutherske tru? Og tilsvarande krav til staten. Samtidig kunne alle andre tilbe og tru på kven og kva dei ville. Mi oppfatning er at dei som kom med det viktigaste utkastet; Falsen og Adler, ikkje var spesielt åndelege folk.

Eg kunne lesa på Wikipedia at ein av grunnane til tvangskristninga av kongen var at dei ville halde unna den svenske tronarvingen Karl Johan, som var erklært katolikk.

Det gjer det heile meir interessant. I utgangspunktet bør det oppfattast som ubibelsk å påtvinge nokon ein religion. Likevel vil nok mange kristne steile når nokon snakkar om å kaste Gud ut av Grunnlova.

Det er lenge sidan eg var fast kyrkjegjengar. Eg har alltid vore glad i prestar. Kanskje fordi eg som dotter av ein organist hadde meir kontakt med dei enn mange andre. Det var noko trygt med dei prestane eg kjende.

Det er logisk å skilje kyrkje og stat, men eg håpar inderleg at nokon passar på prestane. At dei ikkje forsvinn. Dei fleste vil ha bruk for ein prest minst ein gong i livet. Men, det kan vera ein trugsel om staten utviklar mindre investeringsvilje med tanke på utdanning og lønn.

Store deler av kyrkjelyden ser ut til å ha overlate både pengar, engasjement og sinn til Visjon Norge – familien. Svært mange har også alternative møtestader som bedehus og andre frie forum.

Faren med folkekyrkja er kanskje at interessa forsvinn etter ei tid. Når det ikkje lenger er fleire kontroversielle saker å kjempe gjennom. Då vil det vere essensielt at staten på eit eller anna vis vil fortsetje å ta ansvar for dei tilsette og ikkje minst forvaltninga av kyrkjehusa.

Dei siste åra har eg sett tendensar til at ikkje-kristne ropar høgast når det gjeld pulverisering av den kristne kulturen. Jamfør skulegudstenester og julesalmar. Det er mogeleg at det er dei sekulære som vil lida mest dersom den kristne kulturen blir omplassert til meir lukka miljø. Det vil også kunne utvikle seg subkulturar som ikkje nødvendigvis treng å vere heldige for verken land eller folk. Dette er kanskje verdt å ta med seg for dei som styrer pengesekken?

Eg innser at eg ikkje har studert Grunnlova så nøye tidlegare. Grunnleggjande verdiar er lett å ta som sjølvsagt i dette landet. Til gjengjeld kan det nesten grensa til underhaldande å lesa § 5: «Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans».

Eg har stor respekt for kongen og hans hus, men eg nøler litt med å applaudera at han blir omtala som heilag. Når vi først er inne på kva som burde omformulerast i Grunnlova.

 

Arna kyrkje januar 2017
%d bloggers like this: