Hare hopp!

På fjellet

 

Haren – kor gøymer han seg?

Det er så mange spor, men aldri hare.

I år lengta eg etter å sjå haren – som eit teikn på at livet kan gjere eit galant og uventa hopp.

Ein dag viste han seg for meg – eg ante fred og ingen hare.

Tett på kom han – han var større enn ein middels stor kanin.

Kvit, vakker og målretta. Med føtene godt planta på jorda, men berre sekund i slengen.

Før eg fekk tenkt meg om, gøymde han seg bak ein busk, som om han henta krefter.

Så fordufta han i det kvite, medan eg sto mållaus attende.

Ein liten bit av gleda sit att i kroppen – eit syn eg aldri vil gløyme.

Haren er der, no veit eg det for sikkert. Når eg er klar vil han sikkert openberre seg igjen.

Slik at eg kan hoppe saman med han.

Det er mykje håp i ein hare.

harespor Vøringsfossen
harespor Vøringsfossen
%d bloggers like this: