Ostehorn med skinke

Når ungane likevel er litt lei av Grovbrød du aldri blir lei og snikkjøper ostehorn med grillkrydder på butikken, kan eg like godt lage greiene sjølv.

Det er sikkert berre eg som er hysterisk, men eg synest desse butikkhorna verkar direkte usunne.  Og eg er villig til å vedde på at det er mykje meir mat i desse.

Ingrediensar 32 horn

  • 50 g gjær
  • 150 g smør
  • 10,5 dl lettmelk (gjerne litt halvgammal)
  • 4 ts salt
  • 2 ss sukker
  • ca.3 liter kveitemjøl
  • 1,5 pakke påleggsskinke
  • ost i passe mengde
  • Natvigs krydderblanding (grillkrydder)
  • 1 egg til pensling

Desse kan sjølvsagt lagast utan ost, skinke og grillkryddar dersom dine ungar likar betre valmuefrø. Men, eg tvilar.

Framgangsmåte

  • finn fram eltemaskinen
  • skjær smøret i terningar. Sett til sides.
  • bland mjøl (ikkje ta alt), sukker og salt
  • smuldre gjæren opp i blandinga
  • varm melka 1 min i mikroen eller litt i ei panne (skal vere ca 30 grader)
  • tilsett 10 dl av melka i sakte fart (gøym den siste 1/2 dl)
  • la maskina gå i 3 min på sakte fart
  • auk farten til full guffe og tilsett resten av melka i ein stråle
  • tilsett ev litt meir mjøl
  • la maskina gå på fullt i 6 min
  • skru ned til minste fart igjen
  • tilsett smørterningane litt og litt. Dersom du har gløymt å kutte opp smøret kan du ta det litt i mikroen slik at det blir litt mjukt.
  • la maskina gå til smøret er blanda med resten
  • dersom du synest det dreg ut litt, kan du å guffe opp farten litt. Men, ikkje for lenge, då blir deigen seig.
  • løys eltebollen og sett den på badegolvet (dersom du har varmekablar). Dette har eg lært av ein kamerat og det funkar som ei kule.
  • la heve i ca 1 time
  • del deigen i 4 og elt til kuleliknande gjenstandar
  • legg over eit handkle med ein plastpose over la heve i 20 min
  • kjevle ut til ein runding og del i 8 deler
  • legg på skinkebitar og litt ost
  • rull frå den breie enden og innover
  • sett steikeomnen på 25°C
  • form til horn, legg på brett og sett i steikeomnen med handkle over etter kvart som du er ferdig
  • hev i ca 30 min. Inni steikomnen altså. Men, ikkje på meir enn 25°C.
  • Ta bretta ut, sett steikeomnen på 240°C.
  • Før du set horna inni: Pensle med egg (blanda med litt vatn), legg på eit par skiver med ost og dryss på pittelitt grillkrydder på toppen.

Steik i ca 10 min på rilla i midten.

Frys dei før alle blir oppetne og ungane kan ta med seg til niste. Så lenge du har desse i hus blir det ikkje masing om ostehorn på butikken. Eg lovar!

%d bloggers like this: