Kva er galt med ein kattevask?

Tenke på miljøet kan dei gjere sjølve!

Hotellovernatting er heldigvis ikkje det eg driv mest med. Men, det hender. Direkte spanande er det heller ikkje,  i alle fall ikkje når eg reiser åleine. Denne gongen var det  eit par novemberdagar i Oslo. Det er stor plass for filosofering når ein har eit heilt rom for seg sjølv, der husarbeid ikkje er inkludert. Desse lappane på romma har ofte irritert meg: «Tenk på vårt felles miljø». Ved å hengje handkledet opp igjen og bruke det ein gong til. Det har eg sjølvsagt ingen problem med. Det eg har problem med er kva eg korleis eg skal ta «kattevasken». Dersom ein er åleine på hotell, er det kanskje fordi ein har andre ærend som til dømes litt jobb, med tilhøyrande middag til kvelds. Som gamal hudsjukepleiar er eg ikkje typen som dusjar fleire gongar for dagen. Ein god gamaldags vaseklut er då det gjevaste eg kan ønskje meg innimellom slaga. Vanlegvis er dette umogeleg å oppdrive og det endar med at eg tar vatn på eit handkle, som då blir langt mindre effetktiv å bruke opp att.

Desse nettene i Oslo hadde eg truffe rett hotell. Håpar ingen høyrde meg då eg lo i rein glede av synet som møtte meg: Ein vaskeklut på badet! Thon er vel kanskje såpass gamal at han har forstått poenget med ekte nøysemd.

Men, dette var som sagt eit reint unnatak.

Heretter vil eg kreve minst ein vaskeklut på badet:)

Vaskeklut på Thon Hotel Terminus i Oslo

 

Tre kattar Playa del Ingles
%d bloggers like this: