Eg likte lastebilar

Eiffeltårnet skiftar farge for ofte. Det følgjer ei uhygge med det.

4 eller 19 i Stockholm. Det er enno uvisst.

Barn, fedre, mødrer, besteforeldre, pensjonistar, kjærestar, søsken, vener, muslimar, kristne, ateistar, glade, triste, fattige, rike.

I Stockholm 7. april 2017 var dei alle like. Nokon bestemte seg for å ta eit stort jafs av Sverige.

Lastebilar er noko vi skal like. Dei som køyrer lastebil er ekte arbeidarar. Vi burde vere stolte av lastebilar, dei skulle ikkje vere skumle.

No får dei dårleg rykte, som kvite varebilar.

Noreg er ferdig med sin første terror. Han hata muslimar. Hatar vi muslimar?

Vil det hjelpe? Når hjelpte det sist å hate ?

Vi blir frynsete i kantane av hat. Vi gjer og seier ting vi ikkje likar. Vi blir inneslutta og bitre.

Telefonoppringingar med førehandsinnspelte spørsmål – der er det lov til å ta ut litt hat.

Då kan dei heller kome på døra. Dei kan tørre å vise seg. Eg har hatt seljarar på døra to dagar på rad. Kjekke ungdommar. Eg let meg overtale. Folk med ansikt er ikkje så lett å hate.

Eg tenkjer på dei som har fått liva sine snudd på hovudet. Det er mange. Tankar blir så tynt. Det finnest inga adresse å sende blomar til. Vi har ikkje så mange tårn å blinke med.

Men, vi er der. Plutseleg er blått og gult dei vakraste fargane på jord.

Må Herren sende si trøyst til Sverige.

Sitronsommarfugl Foto: Øygunn Leite Kallevik
%d bloggers like this: