Mange tusen år med påskelam

Skjærtorsdag

Egypt er visst ikkje rette staden for jødar eller kristne. Verken før eller no.

Isralittane kom til Egypt via Josef ca 1400 f.Kr. Josef var med på å redde landet frå hungersnaud og folket blei svært godt behandla i starten.

Etter kvart gjekk dei over til å bli slavar og dei hadde rikeleg med arbeid. Blant anna med å byggje pyramidar. 

Bibelen er stappfull av symbolikk og profetiar.

Svært mykje av det som skjer i Det gamle testamentet peikar på det som skal skje i Det nye testamentet.

Abraham fekk beskjed av Gud allereie ca. 500 år f.Kr om at isralittane skulle bu i eit framandt land i 400 år:

«Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år.» 

430 år etter at 70 menneske hadde formeira seg til omlag 2 millionar redda Gud dei ut frå Egypt.

Det skulle hard kost til for å la Farao sleppe dei. Dei berømte «Egypts 10 plager» enda med at den førsteføydde guten i kvar famile måtte døy.

Grotesk er ordet, ingen tvil om det. Men, det viser at Gud måtte gjere det som skulle til for å få historia på rett spor. Det vil seie, imot Jesu fødsel. Dette var Guds bacup plan for å redde menneskeslekta fordi  Adam og Eva rota seg ut av Paradis.

Farao hadde fått ein del sjansar til å sleppe folket fri.

Den natta det første påskemåtidet blei ete, 1440 år før Kristus, fekk isralittane endeleg håp om eit nytt liv.

Dei slakta påskelammet og strauk blod på dørkarmane. På dette viset sparte dei livet til seg og sine.

Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren.

  • Exodus, namnet på 2. Mosebok – tyder UTGANG
  • Peasach på hebraisk – kan bety både påske og påskeoffer. Påske betyr FORBIGANG.
  • Lammet er eit symbol på Kristus
  • Blodet frå lammet er symbol på Jesu blod
  • Heile utgangen av Egypt er eit symbol på Guds frelse via Guds lam (Jesus).

Skjærtorsdag var Jesus på veg til Jerusalem for å feire den jødiske påska. Både sekulære og truande jødar feirar den dag i dag den gamle typen påske. Eit måltid, der foreldra fortel om utfarten frå Egypt og korleis Gud redda dei, er høgdepunktet i den jødiske påska.

Jesus og disiplane sitt påskemåltid er no blitt til vår skjærtorsdag. Jødane datt av i svingen og ventar fortsatt på sin Messias.

 

Laika helsar på eit påskelam
%d bloggers like this: