Påskemorgon – eit hendig eventyr?

For eventyrleg til å vere sant?

Tenk om Jesu oppstandelse berre er eit eventyr?

Eller kanskje ikkje?

Å lage tidsrekning på bakgrunn av eit eventyr? Er det vanleg?

Går det an å stå opp frå dei døde?

Disiplane var nok redde då han hang der på korset – ein mann kunne vel ikkje berre stå opp att?

Eller kunne han? Kva om Gud reiste han opp?

Kor mange soldatar skal det til for å passe på ein død mann?

Eit heilt vaktmannskap burde vel klare å passe på ein død mann i ei forsegla grav?

Eller burde dei ikkje?

Ikkje veit eg, dei klarde det i alle fall ikkje.

Men, romarane kom på ein lur plan. Dei bestakk dei til å seie at disiplane hadde stole han frå grava.

11 våpenlause og redde disiplar?

Det blei nok ikkje bra å ta med seg på CV-en.

Matteus 28. 11-15

11Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.12Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. 14Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.» 15Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.

 

Kor mange vitne trengst det for å ha ei truverdig sak?

Ei kvinne var det første vitne. Det var vel ikkje logisk, på den tida der kvinnfolk blei sett på som ei plage?

Eller var det? Jesus gjorde jo ikkje skilnad på folk.

Eller gjorde han? Han var jo litt hissig på farisearane.

500 augevinte var vel ikkje så mykje, eller var det? Kor mange trengst vanlegvis for å få ei truverdig sak?

1. Kor. 15. 6-7
Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn. 7Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

 

Er det lov å tvile?

Disiplane sørgde då Jesus døydde. Hadde dei ikkje forstått nokon ting?

Eller blei dei berre litt i tvil?

Kanskje dei berre måtte studere han i levande live?

Dei blei raskt klare til å spreie evangeliet då dei fekk ta å sjå på han.  Så langt dei klarde, før 11 av 12 blei drepne for si tru.

Eventyr eller ikkje  – god påske:)

Utsikt frå Olsvik 1. påskedag 2017
%d bloggers like this: