Endeleg

Endeleg kan vi drite langt i tiggarane.

Endeleg fekk vi vite sanninga av NRK.

Endeleg kan sjå på dei alle djupt inni augo med stikkande, dømande blikk og tenkje på dei flotte husa dei har heime i Romania.

Endeleg kan vi sleppe å ha dårleg samvit for pengane som gneg i lomma.

Endeleg slepp vi å setje oss ned med ein tiggar for å prøve å forstå.

Endeleg kan vi tenkje at det er heilt topp å sitje timevis i kulda, at vi ikkje har tenkt på denne karrierevegen sjølve.

Endeleg ser vi at vi sjå dei alle under eitt.

Endeleg har vi bevis på at politikarar ikkje gjer jobben sin.

Endeleg kan vi få sleppe laus hatet som har hopa seg opp.

Endeleg kan dei kritiske få kjenne på anerkjenning i kommentarfelta. Nettrolla har blitt kvite som snø.

Endeleg kan vi bruke pengane våre på luksus med godt samvit.

Endeleg kan vi tenkje at prostitusjon ikkje er bra.

Endeleg ser eg at det ikkje er tigginga som er det største problemet, men at nordmenn kjøper sex utan hemningar.

Endeleg forstår vi at dei stakkars mennene blir lokka til å gjere det. Stakkars.

Endeleg forstår eg kor stor skade småpengane mine har gjort.

Endeleg forstår eg kor mykje betre moral vi har her i Noreg. I alle fall den synlege.

Eg kan ikkje få sagt kor endeleg alt kjennest.

 

  • thomas haugen

    Fantastisk godt skrevet. Akkurat sånn er det. Kudos.

  • Frank Smith

    Nå er det kun sånn ca 0.00001% av norske menn som kjøper sex på den måtene. Mens nesten 100% av romfolket driver kriminalitet. Du er naiv du.

    • Øygunn Leite Kallevik

      Hei Frank! Eit samfunn utan naivitet er eit øydelagd samfunn. Eg har lært av NRK kor mange som kjøper sex på denne måten. Ein er ein for mykje til at det ikkje er interessant å fortsetje kriminell verksemd. Du har sikkert meir kunnskap om statistikk for sexkjøp enn det eg har. Eg har mest erfaring med kjønnssjukdomane dei pådreg seg. Både syfilis og gonoré blomstrar som aldri før. Politiet får ta seg av dei kriminelle.

    • Stein-Erik Dahle

      Så det er cirka en halv person som kjøper sex i Norge? Og nesten 100% kriminelle tiggere? Og du våger å kalle ANDRE naiv?

%d bloggers like this: