Til himmels!

Kristi himmelfartsdag – den dagen Jesus returnerte til himmelen for ei stund.

Det var nok vanskeleg for disiplane å tru at Jesus skulle kunne forsvinne på denne måten.
Kanskje like utruleg som at ein liten kylling kan gnage seg ut av sitte eige egg, for så å balansere perfekt på golvet.

Manchester 22.05.17: Det er smerteleg å tenkje på at glade ungar og vaksne måtte bøte med livet fordi nokon ville det.
Det burde vore totalt unødvendig å snu ein dag frå himmel til helvete heilt utan grunn.
Eg gret saman med Gud over alle dei ramma i Manchester.
Må Gud verne om landet, dei pårørande og dei skadde.
Måtte terroristane finne meining med livet heller enn meining med døden.

Det er ikkje alltid like lett å få auge på det gode når vondskapen blir så tydeleg.

Dette gjer meg enda meir avhengig av å stole på Gud. Ein gud som ein gong vil kome attende og redda jorda frå alt dette.

 

 

%d bloggers like this: