Kven bør vi frykte mest – oss sjølve eller India?

Ein god del indarar har hatt tilgang til Helse Sør-Øst sine data. Vi hyler og skrik om at nokon må gå. Det endar med at leiaren blir sparka oppover i systemet. Den som før hadde ansvar i Helse Sør-Øst har no fått ansvar for resten av oss også. Det er jo fint.
Resten av styret måtte finne seg anna å gjere.

Samstundes som styresmaktene raslar med sablane i Helse Sør-Øst, er hallelujastemninga stor når det gjeld utanlandske helseIT-leverandørar.
Så vidt eg veit er den einaste norske leverandøren kasta ut av anbodsprosessen i Helse Midt-Norge. Ein prosess som mest sannsynleg skal ende opp med eit nasjonalt journalsystem for både kommunar og spesialisthelsteneste.
Eg er svært usikker på om den som går av med sigeren er villeg til å la nordmenn ta seg av all konfigurering og feilsøking.
Dette vil naturleg nok krevje at ein god del utlendingar har tilgang til norske journalopplysningar.

Allereie i dag har vi ein del utanlandske journalleverandørar. Det vil vere naivt å tru at ikkje dei må ha ein viss tilgang for å kunne oppretthalde eit trygt system.
Men, USA  er vel til dømes mykje tryggare enn India? Rett nok har USA fått litt kjeft av Theresa May på grunn av lekkasjen til media av viktig etterretningsinformasjon  i samband med terroren i Manchester.

På det private planet kan vi glede oss over at ingen tilsette i Google på noko vis har tilgang til vår epost. Takk og pris.
Eg stolar fullt og heilt på at Google-gjengen har utelukkande gode intensjonar med å tilby ei rimeleg og strålande teneste.

Via posisjonsdeling kan heldigvis både mannen og Google sjå til at eg ikkje går meg vill.
Det er vel heller ikkje så mange andre enn eg som klarer å rote seg bort på den lokale togstasjonen fordi det er laga ein ny perrong.
Så takk til Google i tilfelle det skjer fleire gonger.

Vi deler vi gladeleg livet og ungane våre på sosiale medier.
Der har vi alle potensiale for å bli kjend av dei tilsette i Facebook.
Samstundes tar vi sidespranga våre i chatten.

Stadig vekk får vi feeden oppdatert med diverse testar, som vener deler ut som om det skulle vere sukkerfrie drops. Merkeleg nok stemmer analysane svært ofte.
Enten har desse nettstadane tilsett ein drøss med spåkoner eller så har dei urovekkjande mykje informasjon om oss.
Og vi elskar når dei pushar på oss våre positive eigenskapar, så det er freistande å køyre ein ny test. Eg har høyrt at det ikkje er smart.

Sjukdomshistorikk og blodprøvesvar legg vi uoppfordra inn i «lukka» facebookgrupper. Og legane får litt mindre dei skulle ha sagt.
Pasientens helseteneste ville Bent Høie kanskje ha sagt.

Resten av sjela vår sel vi til diverse appar. For å få laste dei ned må dei jo få tilgang til uskuldige opplysningar som kjønn, alder og posisjon.
Rema 1000, Coop og resten av gjengen har langt betre kontroll på mitt handlemønster enn det eg har sjølv. Og vi synest det er behageleg å få tilpassa tilbuda etter kva vi treng. Å motta ein gratis smørpakke fordi eg handar dette ofte er jo praktisk talt til å juble av.

Fitbit og andre fit-produkt tar seg av søvn, aktivitetsnivå og detaljerte opphaldsstader. Og eg elskar det. Big data come to me! Eg vil jo gjerne vere med å skaffe data til leverandøren og få kunnskap i retur.

Det blir stadig vanskelegare å vere anonym på buss og tog. Om ikkje eg veit det sjølv er det nok av andre som har kontroll på kor eg har reist og kor eg har tenkt å reise. Billettautomatane kjem nok ikkje til å vare i særleg mange år.

Dersom indarane ikkje tør å misbruke helseopplysningar, kan vi trøyste oss med at russarane garantert vil fortsetje trenden med hacking.
Det manglar ikkje akkurat på informasjon som kan vere interessant å hacke.

I følge NRK har Telenor til ei kvar tid innleigd 100-200 utanlandske IT-ekspertar. Mange frå India. Ein del av desse vil nok ha tilgang til å kople IP-adresse med person og det vil dermed vere ei smal sak å finne ut kva nettsider som har blitt brukt. Dette er vel heller ikkje noko alle ynskjer skal kome i feil hender?

Via den vestlandske skya (vestlandspasienten.no) har eg tilgang til min og mine foreldre sin pasientjournal. Eg er beint fram oppglødd.
Det siste nye er at eg kan finna loggen på kven som har vore innom journalen min.
Ved å gi desse opplysningane til pasienten kan fleire føle seg trygge på at ingen tør å snoke lenger. Dette vil eg kalle eg eit enormt framskritt der litt av kontrollen blir gitt attende til pasienten.

Med fordel kunne nok fleire vore opptatt av datatryggleik. Problemet er at bruken av sosiale medier er så omfattande og vanedannande at det er nesten umogeleg å hoppe av karusellen.
Det er nok ikkje mange som har fantasi til å førestille seg til kva datane kan brukast til i framtida.
Både på godt og vondt.

Dersom vi skal klare å henge med i framtida er vi kanskje tvinga til å flytte dei enklaste oppgåvene. Personleg vil eg heller at ein indar skal lese mine helseopplysningar og epostar enn ein nordmann. Det er i alle fall større håp om at innhaldet ikkje blir forstått. Det vil jo også vere vesentleg korleis kontraktane er utforma.

Helsestyresmaktene bør kanskje trø forsiktig framover. Det kan vere vanskeleg å sjå konsekvensane av å kakke hovudet av for mange i slengen. Personleg trur eg vi potensielt kan påføre oss sjølve like store skader som det ein indar vil gjere. For å få til gode nok løysingar vil vi nok også vere avhengig av utanlandske journalleverandørar i tillegg til dei vi har i Noreg. Då vil det vere avgjerande korleis styresmaktene vil imøtegå dette behovet på ein forutsigbar og framtidsretta måte.

%d bloggers like this: