Når TV, aviser og radio DAB-ar av

Personleg er eg eit avismenneske. I veka som gjekk var eg rimeleg irritert fordi eg trudde mannen min hadde tukla med bilradioen min. Men, eg fekk heldigvis høyrd nyheitene på ein eller annan leikekanal. Neste dag gjekk det opp for meg at det var FM-nettet som utan omsyn var skrudd av. Bilen held på å dette frå kvarandre på meir enn dette viset, så eg skal nok klare meg. Med handsfree og P2 på øyret kan eg overleve eit par år til.

Netflix har erstatta Tv2-verét
TV-en blei transformert til ei Netflixmaskin den dagen TV2 endra på vérmeldinga. Det var høgdepunktet som gjorde at eg gadd å sjå nyheitene først. Eg er svært opptatt av véret, men eg kan ikkje fordra å høyre på alskens skyteoriar. Det enda stort sett med at eg studerte leggene til Eli-Kari. Og det er jo ikkje bra. Heilt enkelt vér for tre dagar fram i tid – det vil eg ha. No overvakar eg véret på telefonen. Det gir ikkje heilt den same entusiasmen. Og no når sommarvikarane trør til på yr.no er det ytterst vanskeleg å justere husmalinga. Når sola gliser imot deg på skjermen samstundes som regnet ausar ned ute, kan det vere at nokon ikkje har peiling.
Når eg ikkje ser nyheitene og véret, får eg heller ikkje med meg reklamen for dei andre programma. Slik blei min TV-skjerm erstatta med Netflix for meg også. Ungane har sjølvsagt forsvunne for lenge sidan.

Nokon sa opp papiravisa og eg saknar den
Papiravisa vår forsvann for omlag eit år sidan. Min andre halvpart meinte det var fint nok med nettbrett. Eg hatar nettbrett, men eg klarer meg nokolunde med telefonen. Som husets mest engasjerte gjenvinnar kunne eg ikkje kome på gode nok argument for å behalde avisa. No har den jo blitt såpass liten at den heller ikkje kan brukast til frostførebygging på bilen. Men, eg saknar den. Det er noko anna å sjå ei sak på trykk enn å lese den med overskrifter som stadig endrar seg. Desse overskriftene saknar eg kanskje mest, dei med dobbel meining. Og lukta av trykksverte i hengekøya.

Uhorveleg med skjermbruk
No har det seg slik at eg har installert ein app på telefonen som viser kor mykje eg brukar den. Det gjer ikkje godt å overvake denne statistikken. Her ein dag sat eg og perla bringeduk til jentungen sin konfirmasjon. Det er ikkje det mest interessante, men aktiviteten pirka i det minste i ein lite brukt del av hjernen. Eg sat og lengta etter ein artikkel i avisa som eg kunne tenkt meg å studere litt nøyare. Då dukka det opp ein tanke i mitt indre. Burde vi ikkje stimulere litt fleire sansar enn augene? Det er vel ikkje berre eg som stirrar inn i ein skjerm tre fjerdedelar av dagen?
Eg synest å erindre at ei eller anna jente vann eit talentprogram ved å illustrere musikk med teiknspråk. I høve til resten av deltakarane var ho ikkje spesielt talentfull, spør du meg, men ho traff ei nerve.

Lydavis
Blindeforbundet har ei lydavis, ikkje særleg brukarvennleg for meg som ikkje er blind. Eg ga meg etter å ha høyrd tredje menyen og ikkje kom vidare.

Kva med å lage lydavis for vanlege folk?
– der ein kunne høyrd artikkelen i staden for å lese den.
– lydfila skulle ha vore identisk med teksten.
– vi kunne ha spart mengder med skjermtid.
– det hadde kanskje vore enklare å setje i gang med lengre artiklar dersom ein visste at ein berre kunne lukke augene og la det stå til.
– stemmene til dei som skriv kunne vere artig å høyre.
– artikkelforfattarar kunne jo ha lagt ved ei lydfil – ordrett. Ikkje noko pjatt. Det kan radioen ta seg av dersom dei overlever sin eigen død.
– lydfila må vere i tillegg til skrift, ikkje ei erstatning. Vi må jo kunne sjå det på trykk.
– lydfilene kunne ha vore ruta inn i ei betalt teneste som Spotify eller liknande

Eg illustrerer ved å legge ved lydfil av innlegget her:

%d bloggers like this: